History
-
Borgund fri- og fattigskule vart etablert i 1743, etter at sokneprest i Borgund Augustinus Meldal gav bygninga i gåve til det nyoppretta skulevesenet. Deler av huset er truleg eldre, men slik det no står er skulehuset bygd slik skikken var blant embetsfolk i byane og på bygdene i tida kring 1750. Slike hus hadde alltid inngang midt på fasaden. Bak gangen var kjøkkenet plassert. Frå gangen kom ein inn i ei stove til kvar side.
Allmugeskulen på landsbygda vart innført ved lov i Noreg i 1739/1741. Skuleforma var nesten uten unntak omgangsskule, der læraren gjekk frå bygd til bygd, og samla borna til skule i heimane til folk i kvart skuledistrikt. Borgund fri- og fattigskule er eineståande i denne samanhengen, ved at den truleg er den første faste skulebygninga som vart nytta til allmugeskulen heilt frå starten av.
Det var 12 elevar i gongen ved skulen, og dei vekene dei var der fekk dei fri kost, husvære og undervisning. Skulen vart driven av ein lærar og ei hushaldarske.
Skulestova var i første høgda, medan skuleborna budde i andre høgda. Læraren hadde sitt rom i første høgda, og hushalderska budde i andre høgda.1743: Sokneprest Meldal i Borgund gav huset til "Borgund Fri og fattigskule". Bygget er truleg eldre.
1760: Andre høgda vart bygd på.
1892: Vart nytta til skule fram til dette år.
Seinare vart det nytta til klokkarbustad, kommunehus og gamleheim.
1931: Formanskapet i Borgund bestemte å rive bygget.
1935: Ferdig oppsett i Borgundgavlen, på museet sitt område.Bruk - I bruk som skulebygning: 1743 - 1876 (Rekneskapsbok for Borgund fri- og fattigskule)
Gjenoppføring: 1934 - 1935
Oppføring: 1743
- Oppdragsgiver/bestillerMeldal, Augustinussikker
- Tidligere plasseringNorge Møre og Romsdal 1504 Borgund prestegårdsikker
The object is used in 1 article
Classification
References
-
- LitteraturreferanserKristin Roald Bjørnøy: Livsløpsstudium over elevar ved Borgund fri- og fattigskule 1744-1748
- LitteraturreferanserJohs. Nedregård: Borgund Fri- og Fatigskule 1742-1876. Serprent av "Tidskrift for Sunnmøre historiske lag".
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier SM.003
- Part of collection Sunnmøre museum
- Owner of collection Stiftinga Viti
- Institution Sunnmøre Museum
- Date published June 28, 2024
- Date updated June 21, 2025
- DIMU-CODE 0210514561920
- UUID 008dfc04-f593-404b-bfa7-d19bc34958a1
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».