Borgund fri -og fattigskule står i dag på Sunnmøre museum.
Borgund fri -og fattigskule står i dag på Sunnmøre museum. Foto:Mirjam Vikestrand

Den første skulen på Sunnmøre

Fleire av danskekongane gjesta Sunnmøre, og var meir eller mindre fornøgd med sitt opphald her. Noko mindre fornøgd, var nok Kristian VI., den pietistiske monarken som i tillegg til mykje anna også opplevde å bli liggjande vêrfast på Brunholmen i Ålesund i åtte døgn under si norgesferd i 1733. Hans sekretær gav derfor staden namnet «Taalesund». Før turen til Norge hadde Kristian konsentrert seg om å utbre pietismen på heimlege trakter. Blant anna sørge han for å få stengt Københavns teater, og sendte dermed også Ludvig Holberg ut i lediggang. Norgesopphaldet leia likevel til at Kristian fatta meir interesse for nordmennenes ve og vel. Blant anna hadde den utbreidde tigginga gjeve inntrykk. Kongen bad derfor statthaldaren i Norge om å kome med forslag om korleis problemet kunne utryddast. Vi bør vel heller ikkje sjå vekk i frå at dei mange møta med «uopplyste» nordmenn også virra i bakhovudet til kong Kristian, da han den 13. januar 1736 bestemte seg for å innføre konfirmasjonen. Sjølv om liknande ritual hadde vore praktisert tidlegare, var det først frå dette tidspunkt av at det vart laga eit felles regelverk for heile det dansk-norske riket. Forordninga om konfirmasjonen slo også fast at ingen kunne bli konfirmert før dei hadde fått opplæring i kristendomskunnskap.

Konfirmasjon og skule

Der det ikkje allereie fanst skulebygg, var det prestane som fekk ansvaret for at undervisninga vart gjennomført. Koplinga mellom konfirmasjon og skule var for øvrig vel forberedt frå myndigheitene si side. For allereie i 1735 hadde stiftsamtmennene og biskopane blitt bedt om å kartlegge moglegheitene for å bygge skuler og skaffe lærarar i Norge. Svara frå desse øvrigheitspersonene hadde til dels vore negative. Dei meinte at det ville bli vanskeleg å få befolkninga med på å betale utbygging av skulevesenet. Likevel fant myndigheitene i København ut at dei ville gå vidare med saka. Så den 23. januar 1739 vart den fyrste norske skuleforordning sendt ut. Reaksjonane frå Noreg kom raskt. Dei gjekk på at det ville vere umogleg å skaffe lærerar nok til å sette i verk ei slik omfattande skulereform. Heller ikkje var det økonomi til å setje den ut i live. Kongen ønska imidlertid ikkje å leggje seg ut med nordmennene ved å pålegge dei nye skattebyrder. Difor vart det utarbeida ei revidert forordning. Forordninga, som vart sendt ut den 5. mai 1741, tok omsyn til mange av dei innvendingane som var kome frå Norge. Her vart ansvaret for organiseringa av skulevesenet i større grad overlate til prest og meinigheit i det enkelte prestegjeld.

Finansiering

Mange nordmenn leid av uår og misvekst på denne tida. Tidspunktet for kostnadskrevjande reformer var diffor langt frå gunstig. Likevel vart skuleforordningane fylgt opp – også her på Sunnmøre. For allereie den 19. september 1741 innkalla prost A. E. Hjort i Ørskog prestane på nordre Sunnmøre, samt fire menn frå kvart sokn, til eit møte på Sørneset med dette som tema. På møtet vart det drøfta korleis den nye skuleforordninga skulle praktiserast i vårt distrikt. Sannsynlegvis var også presten i Borgund, Augustin Meldal, til stade på Sørneset denne dagen. Iallfall gjekk Meldal straks i gang med å skaffe midlar til drift av eit skulebygg på prestegarden. Og støtte fekk han: Amtmannen på Molvær, Christian Sohlgaard, bidrog med 500 riksdalar, og handelsmannen på Hundsvær, Albert Ulrichs, bidrog med 50 riksdalar til eit legat for skulen. I tillegg vart der rekna med årlege bidrag frå sokneprest og kyrkjetenarar, frivillige gåver, samt vokspengar, kollekt og innsamlingar i kyrkjene i soknet. Dette forslaget til finansiering av skulen vart så oversendt biskopen i Bergen. Og den 17. november 1742 gav biskopen si tilslutning til prosjektet.

Skule for fattige

Ganske nøyaktig eitt år seinare, den 25. november 1743, kunne soknepresten ønske dei første elevane velkomen til Borgund fri- og fattigskole. Bygninga var då plassert på prestegarden i Borgund. Elevane fekk kost og losji ved skulen, og kvart kull hadde undervising i 2 – 3 månader. Borgund fri- og fattigskole vart drevet utan opphald heile året igjennom. Det første året den var i virksomhet, var det 23 barn som fekk si undervisning her. Det vart gjeve opplæring i kristendomskunnskap og lesing.

Utgifter til lærebøker vart dekt av skulen. Også dette var i tråd med bergens-bispens tilråding: skulens fremste føremål var å bidra til at også fattigmanns barn fekk kunnskap om den kristne lære. For å få dette til, måtte dei kunne lese. Seinare vart også skriving innført som eige fag. Slik vart Borgund Fri- og Fattigskule eit viktig reiskap i arbeidet med å utrydde analfabetismen på Sunnmøre.

Frå det opphavlege klasse- og opphaldsrommet. Foto:Mirjam Vikestrand
Kjøkkenet var i høg grad kokka sitt domene. "Kosten ved skulen var flatbrød, graut, fersk, salta og turka fisk og sild og turka flesk og kjøt. Dei drakk surmelk, skyrblende og øl. Ølbryggjinga ved skulen tok slutt i 1875. Sidan vart det kjøpt eit anker no og då". (Sitat frå Årbok for Sunnmøre Museum, 1977.) Foto:Mirjam Vikestrand
I dette rommet budde borna. I dag innreia som undervisingsrom. Foto:Mirjam Vikestrand

Sunnmøre museum

Som læreanstalt for dei som kom frå karrige kår, har Borgund fri- og fattigskule i dag ei velfortent plassering på nabotomta til prestegarden - Sunnmøre museum i Borgundgavlen. Og den staselege bygninga har framleis eitt og anna å lære frå seg; om levekår og lærekår; og om kunnskapsformidlinga si rolle, i tidlegare - og langt trongare - tider, enn vår.

Share to