History
-
Frå gammalt var det vanleg å bygge løe, kufjøs, sauefjøs, stall og grisefjøs kvar for seg. I andre halvdel av 1800-talet vart det bygd stadig fleire driftsbygningar med fjøs og løe i eitt. Desse løene var oppsett i stavverk etter gammal tradisjon, men dei var større, og under var det fjøs og stall i tømmer eller steinmur. Mange hadde jamvel gjødselkjellar. Nybygginga heng saman med utskiftingane og større satsing på husdyrproduksjon. Dei nye meieria gjorde at mjølk vart ei avsetjeleg vare. Det vart lagt vekt på grasdyrking til fôr, og løene måtte byggast større. I samanheng med dette måtte det òg byggast større og betre fjøs.
Løa på Heimigard, Opshaug vart bygd i 1863 og vart rekna for den sværaste som fanst i bygdene ved Storfjorden. I 1890-åra vart fjøsa likevel for små, slik at dei måtte byggast om.Oppføring: 1863
- ProdusentFjørstad, Jens Petter Lassesonsikker
- Tidligere plasseringNorge Møre og Romsdal Stranda Opshaug Heimigard gnr/bnr 13/1sikker
Aksesjon: 1981
- Tidligere plasseringNorge Møre og Romsdal Stranda Opshaug Heimigard gnr/bnr 13/1sikker
Gjenoppføring: 1988
Classification
-
- Uthus (Outline)OU 343
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierSM.039
- Part of collectionSunnmøre museum
- Owner of collectionStiftinga Viti
- InstitutionSunnmøre Museum
- Date publishedJune 28, 2024
- Date updatedJune 29, 2024
- DIMU-CODE0210514561954
- UUID94f814fb-50cb-496f-87f2-b12a8bdad029
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».