Part of exhibition
History
-
-
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (2012):
"Tradisjonell stove frå garden Skattebu, gnr. 39, bnr. 1, i Øystre Slidre. Bygd tidleg på 1700-talet. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1923. Einetasjes raustestove, det vil seia at det ikkje er himling i taket. Akershusisk planløysing med opphaldsrom, vasskleve og sengekleve. I vasskleven oppbevarde dei kjøkenreiskapar og vatn. Opphaldsrommet var kombinert kjøken-, sove- og arbeidsrom. Tradisjonell innreiing med matskåp, roskåp, bord, benk, seng, peis med sup og fatskåp."
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (1960):
"Skattebustogo frå Rogne i Øystre Slidre er truleg frå ikr. 1725, kan hende noko eldre. Det er ei raustestoge, innreid på gamal gjerd. Frå v.-h.: matskåp, høgsæte, matbord, roskåp, benk, krakk, stogeklokke, seng, peis med sup og vedro. Over bordet ei hengjehylle. Frå raust til raust går det to vaglåsar. Oppå dei emnestre til turk. På peisstabben telgde dei til emnetre. (...)"
Frå Knut Hermundstad handskrevne "Husbok for Valdres Folkemuseum" (1950-talet):
"Skattebustogo stod på Nordre Skattebu. Ho var selt til Valdres Bygdesamling den 28. okt. 1917, for kr. 800,-. Men fyrst om hausten 1920 kunne formann i Valdres Bygdesamling melde at huset er køyrt til museet. I 1921 er huset tømra opp, men ikkje innreidt. Om hausten 1922 og våren 1923 sette byggmeister Eriksson huset i full stand. Men han slo saman vannskleven og den vanlege kleven til eitt rom. Huset er eit av dei beste hus på museet. Mest gildt er det at det gamle innbuet med matskåp, fatskåp og roskåp er med. Skattebustogo er truleg oppsett ikr. 1725 (...)."
Frå arkitekt MNAL K. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres" i Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"Den akershusiske stova: Den vart kalla slik av Eilert Sundt då han serleg fann henne innanfor det gamle Akershus stift. Typen breidde seg ut over heile Austlandet og har og funne vegen til Valdres, der ho går att i dei fleste stovebygningar opp gjennom 17- og 1800-åra. Det som kjenneteikner denne plantypen, er plasseringa av inngangsdøra. Stova har her inngang rett frå svala, dermed vart det uråd å nytta huset betre, med det ein får brukbart rom der gangen låg [samanlikna med byggeskikken før - meir om den: sjå Kårbygning frå Kvie]. Dette romet kan vera slått saman med klæven til eitt rom i heile husbreidda, slik som Skattebustova frå Ø. Slidre, frå ikr. 1700, no står. Det kan og vera to klævar ved sida av kvarandre, slik som Skattebustova var opphaveleg, og slik som dei fleste stover frå denne tida er innreidde. Romet nærmast inngangsdøra vart gjerne kalla vassklæven. Innreiinga i denne typen fylgjer stort sett det gamle skjemaet, men plasseringa av inngangsdøra fører med seg nokre endringar. Ser ein planen på Skattebustova, har ein eit fatskåp i kråa på veggen mot klæven. Ellers fylgjer i rekkje på same langveggen som inngangsdøra: framskåp, høgsetet, kråskåp, og vidare langs gavlveggen: fast benk med langbord, klokke og seng for husbondsfolka i kråa mot langveggen. Vidare på indre langveggen har ein vogge, oppslagsbord og ropeis. Peisen er her trekt fram frå veggen. Peisen er av kleberstein med lyspeis (sup) og serskilt røykavtrekk. Klebersteinen fekk ein frå brot i Beito i Ø. Slidre. Ein hoggestabbe høyrte og til inventaret. Taket i Skattebustova er sperretak med kraftig mønsås og sideås under kvar takflate. Sperrene er årsak til eit svært trykk på langveggene. For å halde dei saman er det ei slind felt inn under øvste stokken i langveggen (veggbandstokken eller raftlægja). Til avstiving av gavlveggen er det og to langsgåande vaglåsar (Sør-Valdres: slinner). I desse langsgåande vaglåsane heng ei hylle som vert kalla bordkruna eller hengjehylla. Nova er hesthovudnov. Golvet er av breie bord. Svala er bygd på den måten at det er lagt ut svill i framkanten av grunnmuren. Svillene i sideveggane er kamma over denne. I kvart hjørne rir ein stolpe over svilla. Nedfelt i stolpen ligg på kvar side ei sperre som ber takåsane. Ei utskvelping i kvart sperrehovud ber takrenna. Berre portalen har takrenne. Sideveggane er tette, medan frontpartiet har berre ein brystning av breie bord med profilerte lister over. Golvet er av breie plankar, opptil halvmeteren breie."
Frå innberetning om Valdres Bygdesamling til Riksantikvaren frå kunsthistoriker Domenico Erdmann av 22. august 1922, under 413 i Valdres Folkemuseums husarkiv (kopi frå arkivet til Riksantikvaren. Illustrasjonane manglar i V.F.s arkiv): "Skattebo-stuen, der skal være et saakaldt "livaure" (=livøre, føderaar eller Kaarbygning) er en typisk Valdersk røstestue fra slutten eller siste halvdel av 18. aarh. Det betegner den almindelige bygningstype, fra den tid, i Valders: en stor stue med aapent røst og peis, og kammers (opdelt i 2 rum) i den ene enden av bygningen. Bygningen er lavtet, utvendig slethugget tømmer, indvendig senere klædt med umalt rupanel. De tynde sper hviler paa 2 takkasser, og pralelt med disse er der 2 fritløpende bjelkedragere der sandsynligvis har baaret en senere himling (se tgn.1). Hengehylde under den eneste strækbjelke. Rikt profilerte gerikter og intakt bemalte dører og skap i jordrødt og grønblaat. Vinduerne er blaa. Dørernes jordrøde rammefarve er dekoreret med et stilisert træaare-motiv i mørke nesten sorte toner. Dørfyldingene er marmoreret med skymotiver i grønblaat og lysere toner samt et mørkt horisontalt parti nederst (se tgn. 4). Skapene, som er malet med samme farver, er datert "Ole Andersen Berit Halvorsdatter Skatteboe 1857" og har det for Valders eiendommelige landskapsmotiv med avdelingskuplede trær (som prækestolshimling og korvæg i Ulnes kirke, Hafftonbygningen og mange skap omkring i Valders). Men disse skap er senere end bygningen og malingen hører til det sidste av denne type. I det store rum som optar mesteparten av bygningen er en meget vakker klebersteinspeis med "Sup" - lyspeis med avtræk (se tgn. 3). Den ene av dørene ind til det midtre rum, eller kammers, er paa den ene side umalet labankdør (kenisk, profilerte labanker), paa den anden side er der lagt rammer som den tilsvarende 3 fyldingsdør. Mellem dørene ind til kammerne er et saakaldt "børstehus", og i den ene av disse er et vægskap i selve tømmertykkelsen. Kammervinduets midtport er firkantet med konstuktiv profilering (se tgn 4). I suten hvor vindussprosserne er sjelden elegant profilert, er midtposten avrundet (tgn. 3). Ved opsætningen er der skiftet ind nogen nye stokker der stikker vel meget av baade ved sin ringe kvalitet og dimensioner. Den lyse trefarve kan med lethet dæmpes, men det er vigtigere at man præparerer det mot jordslag og fugtighet (understokken). Indvendig er der endel nye belistningsvord som bør dæmpes med syre og farve."
Frå Knut Hermundstads "Valdres Folkemuseum i 50 år" (1951):
"Den 28. okt. same året [1917] var det nytt styremøte i bygdesamlingi. Her godkjende styret innkjøpet av Skattebu-stogo for kr. 800 (...)"
Frå heimesida til Valdresmusea per 7. juli 2015:
"Skattebustogo er ei tradisjonell raustestogo frå 1725. Huset er frå garden Skattebu (gnr. 39, bnr. 1) i Øystre Slidre, ein etter forholda stor gard i Valdres. Skattebustogo var bustadhus fram til 1898. I perioden fram til 1920 vart huset nytta til slakting, ysting og som snikkerverkstad. Skattebustogo vart kjøpt av Valdres Folkemuseum i 1917 og oppsett som utstillingsrom i 1923. Hustypen fylgjer den akershusiske stoveforma med opphaldsrom og to klevar. Inngang frå svalet direkte inn i opphaldsrommet, som har fungert som kjøken, soverom og arbeidsrom. Husa på denne tida var fleirbruksrom og romma fleire funksjonar. Romma innanfor opphaldsrommet er kleve og vasskleve.
VASSKLEVE. Ein vasskleve vart brukt som grovkjøken (tilbreiing av kjøt og mjølk), spiskammers og vaskerom. Hyller på veggane for oppbevaring av trau, kinner, ystekjerald, stamp med drikkevatn osb. Vatn for drikke, matlaging og vask måtte berast frå elva eller brønnen. Vasskleven i Skattebustogo er innreia med før-industrielle og moderne kjøkenreiskapar (separator).
SENGEKLEVE. Sengekleven var soverom og arbeidsrom for kårfolket. Å vera kårfolk vil seie at dei gamle brukarane fikk bu på garden så lenge dei levde. Gamlebonden og kjerringa hans flytte gjerne inn i sengekleven når neste generasjon overtok garden. Var det kårstogo på garden, flytte dei gamle inn der Sengekleven kunne også vera soverom for ungane på garden, ofte i ein skuff fylt med fôr. Om dagen skyvde ein skuffen inn under senga att. Dersom garden vart seld kunne det hende at kårfolket fylgde med ”på kjøpet”.
INNREIING ELLES. Opphaldsrommet har tradisjonell innreiing. I slike hus var det veggfaste innbuet likt på alle gardar. I fatskåpet bak døra oppbevara ein ølbollar, krus, tretallerkenar mm. Framskåpet eller matskåpet står mellom døra og høgsetet. Framskåpet var for oppbevaring av mat til dagleg bruk. Anna mat vart oppbevara på stabburet eller loftet. Roskåpet tilhøyrde bonden på garden. Her oppbevara han private, kostbare ting som bibel, papir, pengar, tobakk og brennevin. På fatskåpet og framskåpet er det bølgjande bogar og kantar i speila. Dette var vanlege stildrag på 1700-talet (rokokkoen) og blir gjerne kalla sirupsnippform.
SOSIALE TILHØVE. Plasseringa rundt bordet var tradisjonell og fortel om sosiale tilhøve i det gamle bondesamfunnet. Bonden sat øvst, i høgsetet, mellom framskåpet og roskåpet. Den lange benken ved glaset var for karfolka på garden. På benken inn mot rommet sat jentene og kvinnfolka. Det gav stuttast veg til matgryter og kjøkenstell. Nedst, rett overfor for bonden, sat gardkjerringa. Benken ved døra vart kalla tiggarbenken.
SENGA står alltid i opphaldsrommet, i hjørnet lengst vekk frå døra. Dei fleste sengene var korte i eldre tid. Utgravingar av mellomalderskjelett, til dømes, fortel av folk var noko kortare før i tida, og at dette skuldast mellom anna dårleg kosthald og hygiene. Skikken med korte senger var lik i hele Europa, men det var ikkje berre fordi folk var korte. Vanen var at dei sat halvvegs i senga, med puter eller ein halmsekk bak ryggen. Det har laga seg ulike teoriar om dette: I eldre folketru meinte folk at ein ikkje skulle ligge utstrakt før ein låg på likstrå. Andre påstår at det ikkje var sunt med for mykje blod i hovudet. I senga i opphaldsrommet låg bonden, gardkjerringa og ofte ein av dei minste ungane. Andre ungar kunne sove slagbenker og i kasser på golvet. Det kunne leggjast golv på bjelkane i raustet. Her vart hems med fleire sengeplassar. Eldre søner, jenter, og tenestefolk kunne sove i uthusa saman med dyra. Her var det godt og varmt.
PEISEN. Peisen står alltid i hjørnet overfor inngangsdøra og er einaste varmekjelde i huset. Før det vart vanleg med glas i husa var peisen også einaste lyskjelde. Talg fekk ein berre i slaktetida, og denne måtte ein spare til høgtidene; jul, påske, bryllaup, barnedåp og gravferd. I eine sida av peisen er det ein liten sup, ein lyspeis. Her kunne ein brenn tyrifils for å få lys, i staden for å fyre på peisen. Tyri er biter av fururøter med kvae i. Dette gjev godt lys. Pipa i supen har forankring til den store pipa. Peisen i Skattebustogo er laga av kleberstein, som er mjuk og lett å forme, og som held godt på varmen. Varm mat vart tillaga i gryter i peisen, etter kvart i omn (cirka etter 1850). Flatbrød baka ein i eldhuset, ein eller to gonger i året. Kjøt- (kjøt og fisk) og mjølkeprodukt (ost og smør) vart salta, tørka, raka og syrna slik at det skulle halde seg lenge.
VINDAUGA i Skattebustogo er torams tresprosser med seks glasruter i kvar ramme. På 17 og 1800-tallet vart ein i stand til å lage betre glas enn tidlegare. Glaset vart klårare og rutene større. Ei nyvinning var at glaset vart blåst i ei lang pølse og deretter bretta ut til ei stor, rektangulær flate. Då vart det lettare å skjære ut kvadratiske ruter.
DØRER. Dørene vart gjort låge for at ein lettare skulle halde på varmen i huset. Utforminga på dørene har endra seg noko gjennom hundreåra. Dei eldste dørene hadde labankar (bjelkar som held konstruksjonen saman) på baksida for å halde dei to ståande plankane saman. Seinare fekk dørene speil med rammer. Under rokokkoen på 1700-talet vart speila utforma med bølgjande formasjonar. Under nyklassisismen frå slutten av 1700-talet vart speila utforma med rifla rektangel-, rombe- eller ellipseformer.
ELLES. Mangletreet (med kavl) er ei kaldrulle til å glatte tøy. Det fuktige tøyet vart rulla fint rundt kavlen. Kavlen og det fuktige tøyet vart deretter pakka inn i eit grovt handkle. Med mangeltreet rulla ein kavlen framover på bordet. Handtaket på mangletreet er som regel eit stilisert hestemotiv, som er eit eldgamalt fruktbarheitssymbol. Mangletreet kunne også vera ei friargåve. Dersom jenta tok imot mangletreet, var dette eit teikn på at guten og jenta var forlova. Friarar kunne ikkje gje same mangletreet til fleire jenter. I Skattebustogo er det kopi av eit par brudeskeier. Truleg vart brudeskeier produsert av profesjonelle treskjerarar, og ikkje alle hadde råd til slike. Brudeparet åt grauten med skeiene, og dersom lenka mellom skeiene held, skulle det vera teikn på at ekteskapet ville bli godt. Skeiene og lenka er skoren av eitt trestykke. Det største kruset på hylla over klevedøra blir kalla tredagarskrus. Kruset vart fylt med sterkøl og skulle drikkast i løpet av feiringa."
Frå Monica Paasche: Artikkel om Skattebustogo i Årbok for Valdres (1997):
"Klevene i Skattebustogo på Valdres Folkemuseum: Stua ble bygt omkring 1725 og sto opprinnelig på gården Skattebu, gnr. 39.1, i Øystre Slidre. Skattebu ble regnet som en av de store gårdene i Rogen, og dette gjenspeiles av husets størrelse og møblering. Berit Skattebu (f. 1894) ble for noen år siden spirt om hva hun husker fra den tid stua sto på gården , og hun fortalte at den var i bruk som bolighus inntil 1898. Da flyttet familien til et nytt hus og den gamle raustestogo ble fram til 1920 brukt bl.a. ti lslaktning, ysting og snekkerverksted. Stua ble solgt til Valdres Folkemuseum for kr 800 allerede i 1917, men ble ikke kjørt til Fagernes før noen år seinere. I 1923 ble huset åpnet for publikum. Av Knut Hermundstads notater om museumshusene går det fram at byggmester Erik Eriksson Moe slo sammen vasskleven og sengekleven til ett rom ved gjenreisingen av huset. En periode har det sikkert vært praktisk for museet med bare en stor kleve istedenfor to mindre rom. Da kunne man bruke denne delen til for eksempel utstillinger, servere mat til større reiseselskaper, osv. I de seinere årene har behovet for slik bruk blitt stadig minstre, og ønsket om å gjenskape de to opprinnelige klevene ble realisert vinteren 1997. Dessverre finnes det lite kildemateriale om hvordan disse to rommene så ut før huset kom til museet, så vi tok utgangspunkt i mer generell kunnskap om innredning av vass- og sengeklever i Valdres på slutten av 1800-tallet. Museets håndvere satte opp en delevegg av gammelt panell, laget to nye klevedører og monterte hyller langs veggen i vasskleven. Andreis Bakken, vår tidligere vaktmester og maler, dekorerte dørene i samme farge og mønster som vises på innsida av ytterdørens originale maling. Det faktum at Skattebustua var i daglig bruk fram til 1898 inspierte oss til å innrede klevene med gjenstander som var "moderne" på denne tida i tillegg til ting som hører en eldre epoke til. Eldre bruksgjenstander i vassklevene har derfor en mer bortgjemt plass, enten i en krok eller på en vegghylle. Nyere redskap som separator, kjøttkvern, blikkespann og parafinlamper mm er plassert sentralt i rommet. I sengekleven er det plasser et fint rosesmalt skatoll, en seng, stoler, ferdaskrin, en av de første symaskine på markedet, lappekurv og strikketøy, mm. På veggen henger kunsttrykk og fotografier som begynte å bli vanlig på andre halvparten av 1800-tallet. Kunsttrykkene har religiøse motiver og fotografiene viser familiemedlemmer. "
Anna:
Folk som har budd i Skattebustogo:
Ole Andrisson Skattebu (1820-1904) var skulehaldar, ordførar 1856-1859 og bonde i Skattebu.
Haldor Olsson Skattebu (1855-1935) gm Ragnhild Larsdotter Kolstad (1860-1927), born:
1. Ola (1890-1970)
2. Lars (til Engstad) (1892-1976)
3. Berit (1894-1991)
Meir om slekt, sjå husarkivet ved Valdres Folkemusuem.
Skattebu-stogo inngår i den eldste avdelinga på museet.
Sjå elles følgjande objekt som Norsk folkemuseum har lagt ut frå bygningen: https://digitaltmuseum.no/011013329757?query=skattebu&pos=9
ENGLISH:
Farmhouse from Skattebu: Traditional farmhouse from the Skattebu farm in Øystre Slidre municipality. Built in the early 18th century. Reconstructed at Valdres Folk Museum in 1923. Single storey house without a ceiling. The room plan is the Akershus type with one large room and two side rooms. The side rooms included a bedroom and a scullery. The main room was a combined kitchen, bedroom and workroom. Traditional furnishings with a food cupboard, corner cupboard, table, bench, bed, fireplace and a dresser.
FRANÇAIS:
Maison de Skattebu: Maison traditionnelle de la ferme Skattebu, à Øystre Slidre. Construite au début du 18ème siècle et reconstruite à Valdres Folkemuseum en 1923. Maison à pignon d’un étage, c’est-à-dire qu’il n’y a pas de plafond à l’intérieur. L’agencement de la maison est du style ”Akershus” avec une salle de séjour, une arrière-cuisine et une chambre. Dans l’arrière-cuisine on gardait les ustensiles de cuisine et le réservoir d’eau. La salle se séjour servait à la fois de cuisine, chambre à coucher et salle de travail. Aménagement traditionnelle avec garde-manger, encoignure, table, banc, lit, cheminée avec une petite cheminée à côté (avec issue de la fumée) servant uniquement à éclairer, et vaisselier. La maison de Skattebu se trouve dans la partie la plus ancienne du musée où l’idée était de construire des cours de ferme, chacune représentant l’architecture traditionnelle et historique d’une des six communes de Valdres.
- Oppføring 1700 - 1720
- Gjenoppføring 1922 - 1923
-
Relation
-
Related objects
7 related objects
- Photograph BV 83-415
- Photograph BV 85-003
- Photograph BV 85-013
- Photograph BV 89-415
- Photograph VFF 16-000311
- Photograph VFF 16-000315
- Photograph VFF 16-000326
Classification
-
- Bygninger OU 340
References
-
- Litteraturreferanse Monica Paasche: Artikkel om Skattebustogo i Årbok for Valdres
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier VFF.012
- Part of dataset Valdres Folkemuseum
- Owner of dataset Valdresmusea
- Institution Valdres Folkemuseum
- Date published November 26, 2015
- Date updated March 23, 2018
- DIMU-CODE 021056019888
- UUID 81665302-961E-44B9-9440-D1ABDB2C056D
- Tags
Add a comment or suggest edits