Part of exhibition
History
-
Frå føraren på Valdres Folkemuseum (2012):
"Kårbygning frå garden Nerre Lome, gnr. 32, bnr. 2, i Vestre Slidre. Bygd ikring 1800. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1951. Tradisjonell innreiing med peis, faste skåp, bord og seng. I gjestekleven er det bord, slagbenk og omn. I vasskleven går det trapp opp til sengerom og handverkarrom i andre høgda. Mellom peisen og senga står sylvsmedbordet frå grannegarden Rengistad. På Rengistad var det sylvsmedar i seks generasjonar. Den fyrste sylvsmeden vi veit om der, var Knut Persson Ørmestad (1728–1810). Dei fylgjande sylvsmedane var Ivar Knutsson (1754–1832), Jørn Ivarsson (1773–1854), Jørn Ivarsson (1835–1922) og Jørn Jørnsson (1884–1960)."
Frå Knut Hermundstads Husbok for Valdres Folkemuseum (1950-talet):
"Lomes-bygningen. I styremøte 9.3.1947 låg det føre tilbod frå Eivind G. Lome på nedre Lome i V.S. om at Valdresmuseet kunne få kjøpt den gamle livaursbygningen på garden. Det vart vedteke å kjøpe han. Einar Bråten tok på seg flytting og oppsetjing. Med kjøpesummen, kr. 2.000,- og oppsetjing kr 2.500,- vyrke elles kom huset på ikr. kr 6.000,- Den sermerkte bygningen stod ferdig på museet 1951. (...) Andre høgdi var nytta til soverom. Største romet var arbeidsrom og matrom. Bygningen stod på Lome, g.nr. 32, br. nr. 2 i Lome sokn i Vestre Slidre. Det er frå ikr. 1800. (...)"
Frå arkitekt MNAL K. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"(...) Etter kvart avgrensast svalgangen slik at denne snart berre er ein portal rundt inngangsdørene. Nokre ganger ga han plass for trapp til 2. høgda, andre gonger ikkje. Føderådsbygningen frå Lome i Vestre Slidre frå ikring 1800 har ein akershusisk plan, men her går trappa til 2. høgda opp i vassklæven. Vassklæven har hyller under trappa. Huset har krokpipe, som er bygd på den måten at det er lagt bjelkar frå pipa til takåsen og skiferheller over det. På dette underlaget er pipa mura og leirklint. Huset har portal rundt inngangsdøra med pulttak i flukt med hovudtaket. Romet over klæven har blyvindauga. Peisen har sup og skjerding. Peisen er av kleber, også kappa blir boren av lange klebersteiner. Vi finn her eit serskilt trekk ved utforminga av taket. Det får ein svai ned mot rafta. Dette er ei sermerkt form som går att på husa i Nord-Valdres. Truleg har skikken sitt opphav i vestlandsk panelarkitektur."
Frå Harald Hvattum Valdres Folkemuseum 1901-2001 (2001):
"Bygningen var livaursbygning (føderådsbygning) medan han stod på Lome. I stogo er det tradisjonell innreiing med faste skåp, bord og seng. Vogga fortel at det var bestemor som måtte passe minsten om dagen. Mellom peisen og senga står sylvsmedbordet frå Rengistad, ein grannegard. På Rengistad var det sylvsmedar i 6 generasjonar. Huset har dessutan gjestekleve med bord slabenk, og omn og vasskleve brukt som spiskammers og grovkjøken. Der går trappa opp til sengerom og handverkarrom i andre høgda."
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (1960):
"Lomisbygningen frå Lome i Vestre Slidre er frå ikr. 1800. Han vart riven, flytt og sett opp att i 1951. (...) Ingrid Rudi, Fagernes, gav kr. 5000 til innkjøp og reising av huset."
Bilete frå før flyttinga finst i Norsk Folkemuseums fotobase (digitaltmuseum.no), fotografen var Løchen, Leif.
ENGLISH:
House from the Lower Lome farm in Vestre Slidre, built around 1800, rebuilt at Valdres Folk Museum in 1951. Traditional interior with fireplace, cupboards, table and bed. In the side room, there is a guest room with table, oven and a bench that opens into a bed. From the pantry, a staircase goes to the 1st floor where there is a bedroom and small workshop. Between the fireplace and the bed is a silversmith’s workbench from the neighbouring farm Rengistad. Six generations of silversmiths lived at Rengistad. The first one we know of was Knut Persson Ørmestad (1728–1810). The following generations of silversmiths were Ivar Knutsson (1754–1832), Jørn Ivarsson (1773–1854), Jørn Ivarsson (1835–1922) and Jørn Jørnsson (1884–1960).
FRANÇAIS:
Maison (norv. ”kårbygning”) de Nerre Lome: Maison de la ferme Nerre Lome, Vestre Slidre, construite vers 1800 et reconstruite à Valdres Folkemuseum en 1951. A l’époque où plusieurs générations habitaient ensembles à la ferme, il y avait souvent deux maisons, une maison pour le propriétaire et sa famille et une autre maison pour les anciens propriétaires, qui étaient souvent les parents du propriétaire actuel. Une des maisons (”kårbolig”) était alors concédée à titre viager à l’ancien propriétaire de la ferme (”kårfolk”). La maison est aménagée de manière traditionnelle avec cheminée, armoires, table et lit. Dans la chambre des invités il y a une table, un lit-banquette et un poêle. Dans l’arrière-cuisine, un escalier monte à l’étage où il y a une chambre et un atelier. Entre la cheminée et le lit se trouve la table de travail venant de la ferme voisine, Rengistad. A Rengistad, il y avait six générations d’orfèvres en argent. Le premier orfèvre que l’on connaît à Rengistad était Knut Persson Ørmestad (1728–1810). Ses successeurs étaient Ivar Knutsson (1754–1832), Jørn Ivarsson (1773–1854), Jørn Ivarsson (1835–1922) et Jørn Jørnsson (1884–1960).
Oppføring: 1800
Gjenoppføring: 1951
Aksesjon: 1947 - 1951
- Selger til museetLome, Gullik (1918)
- LitteraturreferanseValdres Bygdebok 1, Gardar og slekter i Vestre Slidre, side 255.
- DigitaltMuseumSearch in «Lome, Gullik»
Relation
Classification
-
- Bygninger (Outline)OU 340
Placement
References
-
- LitteraturreferanseK. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2
- Relaterte objekterhttps://digitaltmuseum.no/011013349618?query=lome&pos=5
- LitteraturreferanseHarald Hvattum Valdres Folkemuseum 1901-2001
- Relaterte objekterhttps://digitaltmuseum.no/011013349616?query=lome&pos=10
- LitteraturreferanseValdres Bygdebok V, fyrste del, s 94
- Relaterte objekterhttps://digitaltmuseum.no/011013349617?query=lome&pos=4
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.021
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedNovember 26, 2015
- Date updatedApril 25, 2024
- DIMU-CODE021056019989
- UUID429e0a6d-6c0e-4793-9141-0361fe4adb2a
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».