Part of exhibition
History
-
Frå skiltet på bygningen på Valdres Folkemuseum (2012):
"Skåle frå Øvre Fristadplasse, gnr. 57, i Vestre Slidre. Bygd ikring 1750. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1954. Brukt som lagerplass for material, reiskap og ved. Døra går på trehanglar og blir stengd med ein trenabb. Øvre Fristadplassen: Frå slutten av 1600-åra, og særleg i tidsrommet 1750–1850, voks det fram eit landbruksproletariat her i landet. Det var husmenn som fekk bruke ein heim, med noko jord til, mot pliktarbeid på den garden som eigde plassen. Denne husmannsplassen er nok av dei større og betre plassane, sjølv om forholda for husmennene i dei øvre fjellbygdene var betre enn på flatbygdene. Innbuet i stogo er tradisjonell med matskåp, bord, seng og peis. Huset inneheld elles livårskleve og vasskleve som også er bu. Over vasskleven er eit lite soveloft. Øvre Fristadplassen var husmannsplass under garden Fristad i Vestre Slidre. Husa er bygd ikring 1750. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1954. På Valdres Folkemuseum er Øvre Fristadplassen plassert som om det var ein husmannsplass under garden Kvie."
Frå Knut Hermundstads handskrevne Husbok for Valdres Folkemuseum (1950-talet):
"Som ein vil sjå under "Fristadplass-stova", kjøpte museet alle Fristadplasshusi heime i 1951. Skålen var då alt riven og eigaren hadde meint å saga tømret opp til ved. No gjekk dette tømret og med i handelen. Endå det ikkje var oppmerket greidde Haugland å setja han fint oppatt. Døri går på trehangslar og vert stengt med ein trenabb. Alle husi på polassen står i samen planen som på Øvre Fristadplassen i Vestre Slidre. Ola M. Haugland hadde kr. 100,- for oppsettingi av vedskålen i 1953. Ein nyttar han no til opplagsrom for ved og anna."
Sjå elles særoppgåve om Fristadplassen, skrive av Bente Ødegaard (1969), i husarkivet på VF.
ENGLISH:
Woodshed from Upper Fristad place: Woodshed from Upper Fristad cotter’s farm in Vestre Slidre. Built around 1750. Rebuilt at the museum in 1954. Used as a storehouse for wood, building materials and tools. The door swings on wooden hinges and is closed with a wooden peg. Upper Fristad cotter’s farm: From the end of the 17th century but especially during the period 1750–1850, a farm labouring class came into being. In return for a cabin and a patch of land, the cotter had to do certain work on the farm the cabin and the patch belonged to. Upper Fristad cotter’s farm is one of the larger and better ones, even taking into account that conditions for cotters in the mountain valleys were better than in the more favoured lowland farming districts. The furnishing is traditional, with a food cupboard, table, bed and fireplace. The house also has a smaller bedroom for the elderly people on the farm and a scullery which also serves as a store room. Above the scullery is a small sleeping loft. Upper Fristad place came under the farm Fristad in the Vestre Slidre. The houses were built around 1750. The place was reconstructed at the museum in 1954. It has been placed as if it were a cotter’s farm belonging to Kvie Farm.
FRANÇAIS:
Reserre à bois de Øvre Fristadplasse: Resserre à bois de la ferme Øvre Fristadplasse, à Vestre Slidre. Construite vers 1750 et reconstruite à Valdres Folkemuseum en 1954. Utilisée comme entrepôt pour les matériaux, les outils et du bois. La porte a des charnières de bois et se ferme par une cheville. Øvre Fristadplassen: De la fin du 17ème siècle et surtout pendant la période 1750–1850, on a vu un prolétariat rural se développer en Norvège. Les tenanciers pouvaient habiter une petite ferme avec un petit terrain contre du travail obligatoire à la ferme dont ils dépendaient. Cette ferme de tenancier est parmi les grandes et bonnes fermes. Les conditions des tenanciers dans les villages de montagne étaient meilleures que celles des tenanciers dans les villages de plaine (au sud de Valdres). Le mobilier de la maison est traditionnel ; garde-manger, table, lit et cheminée. Il y a aussi une chambre et une arrière-cuisine qui servait aussi de remise. Au-dessus de la remise, il y a une chambre sous les combles. Øvre Fristadplassen était une ferme de tenancier dépendant de la ferme Fristad, à Vestre Slidre. Les maisons sont construites vers 1750, et reconstruites à Valdres Folkemuseum en 1954. Au musée, la ferme de tenancier Fristadplassen est placée comme si elle dépendait de la ferme Kvie.
Oppføring: 1750
Gjenoppføring: 1953
Aksesjon: 1953
- Selger til museetFrigstadplassen, Ola O. (1896 - 1978)
- Tilholdssted,Norge Oppland Vestre Slidre Lomen Øvre Frigstadplassen
- Alternative namesOle O. Frigstadplassen
- GenderMann
- Other informationOle O. Frigstad (1896-1978) : Tidligre var registrert livstid for Ole O Frigstad 1896-1978 i denne personposten. Det er nå usikkert hvor disse datoene kommer fra.
- LitteraturreferanseLeriah, O. 1954. "Gåver til Valdres Folkemuseum", Valdres, torsdag 1. april 1954
- LitteraturreferanseHermundstad., K. 1952. "Valdres Folkemuseum får innbu til Frigstadplass-husi", Valdres, lørdag 20. desember 1952
- Litteraturreferanse"Den første husmansplassen- Frigstadplassen frå vestre Slidre - reist på Valdres folkemuseum", Valdres, torsdag 30. juni 1955
- Litteraturreferanse"Valdres Folkemuseums gjestebod for alderspensjonistar ein suksess" Valdres, lørdag 8. juli 1972
- DigitaltMuseumSearch in «Frigstadplassen, Ola O.»
Relation
Classification
-
- Bygninger (Outline)OU 340
Placement
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.068
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedNovember 27, 2015
- Date updatedApril 25, 2024
- DIMU-CODE021056020975
- UUIDcebe29d5-cfb3-4c40-8214-acdbec05710b
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».