Part of exhibition
History
-
Frå skiltet på bygningen på Valdres Folkemuseum (2012):
"Gamal bekkekvern frå garden Moe, gnr. 39, bnr. 4, i Øystre Slidre. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1927. Ein vassdriven kvernkall dreg den øvre kvernsteinen. Kornet renn frå ei teine nedi auga på denne steinen, og mjølet kjem ut att i mjølkista under steinane."
Frå Knut Hermundstads Husbok for Valdres Folkemuseum (1950-talet):
"Skattebukvednahuset er kome frå Moen g.nr. 39, b.nr. 4 under Skattebu i Ø.S. Huset er ei gåve til Valdres Bygdesamling frå lensmann og bonde Andres P. Skattebu, ordførar og kjøpm. Gullik K. Hovi, byggmeister Haldor A. Skattebu, lærar Olav Hegge, Ragnhild Skattebu, Kari Sæter, Knut T. Bolstad og Reidar Skattebu. Huset stod fyrst på det gamle museumstunet nær Handeloftet. Sumaren 1959 vart det flytt og sett oppatt i Ulvedalen uti Storøy'n. Her kan ein no drive kverni med vatn av "Ulvedalsvatnet". Vatnet vert pumpa opp i tjernet frå fjorden."
Frå arkitekt MNAL K. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"Det ser mest ut til at kvar gard som rådde over vassfall, hadde si eige kvern. (...) Stort sett var dei vel omlag eins bygd desse kvernene. Vi skal difor berre syns plan og snitt av eit kvernhus frå Moen, Skattebu i Ø. Slidre. Den plass kvernhuset hadde ved fossen, har gjort sitt til at kvernhuset har vore ein omtala stad i mange eventyr og segn."
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (1960):
"(...) gåve frå 10 øystreslidringar. V.F. flyte og sette det opp att på museet ikr. 1927. I 1959 flytte ein det åt Ulvedalen ut i Storøy'n. Her kan ein drive kverni med vatn frå det kunstige Ulvedalstjernet."
Frå heimesida til Valdresmusea.no per 7. juli 2015:
"Kverna er frå garden Moe (gnr. 39, bnr. 4) i Øystre Slidre. Ho vart oppsett i den bygningshistoriske delen på museet i 1927, og flytt til handverksavdelinga i 1956. Handverksavdelinga er ei samling gardsbygningar med ulik tilknyting til landbruk og handverk i Valdres. Kunsten å male korn er like gamal som korndyrkinga. Den fyrste kornkverna var ein innholen stein eller helle, som ein la kornet i, og ein rund, litt tung stein som ein klemde eller rulla kornet med. Av gamle fornfunn har ein av og til funne slike skubbekverner. På Garli i Nord-Aurdal var det kring 1890 ein svær steinmortar, som hadde vore brukt til å støyte korn i.
HANDKVERN. Neste framsteget med kvernene var handkverna, to sirkelforma steinar, som ein la i ei kasse (kopi på Valdres Folkemuseum). Den nedste steinen låg roleg, men var forankra til den øvste steinen med ein festanordning i midten. Den øvste steinen drog ein rundt med ein pinne, som var festa i eit hol, bora i utkanten av øvste kvernsteinen. Denne hadde òg eit større, rundt hol, kvednaauga, som ein fylte med det kornet ein skulle mala. Slike handkverner var vanlege på gardane til ut på 1960-talet. Ofte nytta dei då kvernene til å mala malt og salt på.
BEKKEKVERN. Kornmaling med vasskraft er det eldste opptaket til industriell verksemd, drive med mekanisk kraft. Til Noreg kom vasskvernene truleg ein gong sist i vikingtida eller tidleg i mellomalderen. Stadnamnet kvern finst i mange samanhengar samansatt med endinga vin, ei namnsamansetting som det var slutt med lenge før vikingtida. Dette kan tyde på at det var kverner i Noreg før vikingtida. Frå ei rettssak i Valdres i 1334 blir kvernhuset og møllehuset nemnde om kvarandre. I fylgje O. K. Ødegaard var det i 1667 112 kverner i Valdres, dei fleste i dei nordre bygdene. I 1723 var det 262 kverner. Sume gardar hadde eige kvern, medan gardane i andre bygder mol korn på same kverna. Kvernene i sørre Valdres var færre, men større og mol korn for fleire gardar for eit visst vederlag. Dei gamle kvernhusa var mest alltid tømra bygningar, og stod på grunnmur av stein. Kvernhusa vart vanlegvis tekte med bord. På gamle gardskverner mol for det meste kvar åt seg. Av og til vart kvernene øydelagde av ukunnige møllarar. Åtte ein ikkje kverna, lånte ein ei. Alle som stelte kverna godt, fekk mala sjølve. Sume stader kunne ein mala året rundt, men vanlegvis mol dei vår og haust. Dette hang saman med at det var på denne tida av året ein vanlegvis treska og turka kornet.
SLIK BRUKTE DEI BEKKEKVERNENE. Kornet vart tømt opp i ei kvednatein. Herifrå rann det ned til kvedanauga i den øvste kvednasteinen og vart male mellom dei kvedansteinane. Steinane vart vanlegvis kjøpte, eller ein hogde dei uta av høvelege berg. I Akroken ved Leira, Kvednahøe ved Vinstervatnet, vesta Øyangen og i Døvrismørke ved Fagernes har det vore hogge kvednasteinar. Kornet kunne ein male med ulik kvalitet, grovt eller fint. Dette gjorde ein ved å heise eller senke grunnstokken, som kvednakallen, og lenger opp, kvednasteinane, kvilte tyngda si på. Kvednasteinane vart dregne ved hjelp av vasskraft. Vatnet vart leidd inn frå ei kvednarenna, innpå på kvednakallen gjennom kvednarenna.
KVERNENE BLIR LAGT NED. Det som fyrst og fremst var grunnen til at gardskvernene vart lagt ned, var kravet om å få finare mjøl. Det fekk dei frå dei store møllene med sikteinnretningar og store valsemøller. Det vart derfor meir og meir vanleg å nytte kjøpemjøl. På 1920-talet kom det fleire lover om krav til godkjenning av møllene. Malinga laut gå føre seg i godkjente møller, og det var få bygdemøller som fekk slik godkjenning. I 1964 var det berre 11 godkjente møller i Valdres.
Kverna vart restaurert av handverkarar ved Valdresmusea i 2013.
ENGLISH:
Mill from Moe: Old mill from the Moe farm in Øystre Slidre, rebuilt at the museum in 1927. A water wheel turns the millstone. The grain runs from a grain silo into the eye of the mill stone, and the flour falls into the flour trough under the stones.
FRANÇAIS:
Moulin de Moe: Ancien moulin à eau de la ferme Moe à Øystre Slidre, reconstruit à Valdres Folkemuseum en 1927. Une roue de moulin actionne la meule supérieure. Le blé tombe d’une caisse et dans l’œil de la meule. La farine sort dans un coffre au-dessous des pierres.
Oppføring: 1870 - 1880
UsikkertGjenoppføring: 1927
Gjenoppføring: 1959
Classification
Placement
References
-
- LitteraturreferanseHvattum, Harald 2001: Valdres Folkemuseum 1901–2001. Valdres Folkemuseum, Fagernes.
- LitteraturreferanseGulbrandsen, Gulbrand 1964: Bygdemøllenes tekniske utvikling fra slutten av 1800-årene til 1960. Mariendals Boktrykkeri, Gjøvik.
- LitteraturreferanseHermundstad, Knut 1964: Valdres Bygdebok V, andre del. Valdres Bygdeboks Forlag, Leira.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.082
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedDecember 3, 2015
- Date updatedApril 25, 2024
- DIMU-CODE021056023149
- UUIDa2f35fd2-397b-4fbf-a1ad-55a639d38afa
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».