Photo: Sogn og Fjordane Kunstmuseum / SFKM - Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Hus hjå Hans Gjesme

48 objects

Vi har teke eit djupt dykk i samlinga etter Hans Gjesme (1904-1994), for å sjå korleis han skildra hus dei stadane han budde gjennom eit langt liv. Vi har fått ramma inn eit titals bilete og desse vert no synt fram for første gong, i utstillinga her i dei to låge utstillingssalane. Når ein ser gjennom bileta av hus, kjem det raskt for ein dag at hovudmotivet var heimgarden Uppigarden på Voll i Lærdal, og særleg den delen av tunet som var hans revir; kårhuset, stabburet, vedahuset og frukthagen. Den tidlegaste daterte skildringa av Voll er frå 1917. Då var Hans Gjesme 13 år.

Om ein vitjar tunet i Uppigarden, slår det ein at Gjesme ikkje gjekk mange metrane frå husveggen før han sette ned staffeliet og byrja å måle. Han måla Lærdalslandskap med utgangspunkt i husa i tunet, i alle himmelretningar. Favorittvinkelen hans var mot fjellet Hynjahovden som «stengjer» Lærdalen mot aust. Dette motivet skildra han ofte; både frå bakkenivå og frå det austvende rommet i andre etasje i huset sitt.

Husa er ikkje alltid skildra i sin heilskap, men er ofte med i ytterkanten av bileta, anten for å skape ein målestokk i landskapet, eller omvendt; landskapet vert ein kontekst for husa. Nokre av bileta av kårhuset kan sjåast som «portrett» av heimen. I desse er heile huset skildra frå nordaust mot sørvest eller nordvest mot søraust slik at ein ser huset i «halvprofil». Nokre av dei er lyse og detaljerte og syner ein velstelt heim med rik blomsterflor rundt. Andre, seinare bilete av kårhuset er meir utflytande og symbolladde. Dei er frå tida etter 1971 då Gjesme kom att frå det lange opphaldet ved Gaustad sjukehus. Det flotte og høgreiste hovudhuset med to fulle etasjar, er òg ofte med i måleria frå Uppigarden.

På Skigrov, oppe på Tynjaåsen bygde Hans, faren og antakeleg broren Olav opp ei lita steinhytte i tuftene etter ein støl som hadde lagt der. I følgje dei som kjende Gjesme vart dette «slottet» hans, og ein kan sjå i Gjesmesamlinga at han skildra den vesle steinbua både i måleri og etsing.

Hans Gjesme var oppteken av hus og arkitektur òg andre stader han vitja og budde. Vi finn skildringar av Borgund Stavkyrkje, andre tun i Lærdal, faren sin heimgard i Flåm, antakeleg bakgarden der han budde på hybel på Kampen i Kristiania tidleg på 1920-talet, utsikta mot gata frå Hôtel Isis i Latinerkvarteret i Paris i 1925, utsikta frå Mundal hotell mot grenda i Fjærland i 1926, gamle hus og kyrkja på Røros i 1948, ymse hus og gardar på Austlandet, ulike utsyn over Oslo by, og av dei ulike bygningane ved Gaustad sjukehus i perioden 1955 til 1971.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to