Photo: Sogn og Fjordane Kunstmuseum / SFKM - Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Frå Jølster til Sunnfjord - Ludvig Eikaas og Oddleiv Apneseth

45 objects

Der Ludvig Eikaas (1920–2010) var ein maksimalist, er Oddleiv Apneseth (1952-) ein nøktern realist. Eikaas kjente ingen grenser i sin bruk av material. Plast, isopor, bronse, måleri, postkort og trykk var alle etter hans hovud verdige ei kunstnarleg handsaming. Apneseth held seg til fotografiet, men eksperimenterer mellom anna med format, lys og komposisjon. Fotografia strekk seg frå det iscenesette til spontan dokumentasjon. Dei to har likevel fleire møtepunkt: begge skildrar Jølster og nærområda sine. Der Eikaas var oppteken av hesten, er Apneseth oppteken av gravemaskina. Både hest og gravemaskin har vore viktige arbeidsreiskap for bonden eller entreprenøren.

Portretta utgjer brorparten av den kunstnarlege produksjonen til både Eikaas og Apneseth. Der skil dei seg ikkje nemneverdig frå kvarande – ulikskapen ligg i korleis dei framstiller menneskja rundt seg. Der Eikaas er fabulerande, fantasirik og tidvis karikerande, er Apneseth kjøleg registrerande og pragmatisk. Samstundes har Apneseth stor sans for underlege samanstillingar og kontrastar. Framstillinga hans er likevel alltid gjort med omsorg for subjektet. Eikaas på si side var ikkje redd for å pirke borti mindre heldige karakterdrag ved dei avbilda.

Latteren sit soleis like laust som kritikken i Eikaas sine verk. Det viktigaste portrettet frå Eikaas, JEG, tek for seg det å være seg sjølv nok. Kunstverket kan lesast som eit spark mot Jantelova sitt første bod: «du skal ikkje tru du er betre enn andre». Hos Apneseth er kritikk av sosiale kodar erstatta med omsorg og ein dokumentarisk nysgjerrigheit for enkeltmennesket og sosiale nettverk. Alle sidene ved menneskja vert like mykje teke vare på. Humanistane Eikaas og Apneseth skin stadig i gjennom i verka deira, på tross av ein tidvis utleverande undertone.

I denne utstillinga presenterer Oddleiv Apneseth fire nye verk frå storkommunen Sunnfjord. Samanslåinga av dei gamle kommunane Jølster, Førde, Naustdal og Gaular skjedde 1. januar 2020. Der prosjektet Jølster 2008 tok for seg folkesetnaden i ein kommune, skildrar dei nye bileta nokre av innbyggjarane i dei fire gamle kommunane. Eikaas sine mangfaldige verk og Apneseth sitt prosjekt Jølster 2008 skaper eit rikt bakteppe for desse tidsbileta frå notida.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to