Photo: Sogn og Fjordane Kunstmuseum / SFKM - Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Talande ting II

96 objects

«Om du eig meir enn sju ting, eig tinga deg»

ant. Lao Tzu (6. århundre f. Kr.)

I denne utstillinga i Sogn Kunstsenter syner vi fram stilleben, interiør og kunsthandverk frå Gjesmesamlinga, Eikaassamlinga, Astrupsamlinga og samlinga ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Dei fleste verka skildrar ting, medan andre er ting. Det er verk i så ulike teknikkar som assemblage, collage, design, fotografi, glas, grafikk, installasjon, keramikk, metall, maleri, pastell og teikning, alle frå perioden 1900 til 2019.

I det moderne forbrukarsamfunnet fløymast vi over av ting. Kva tyder desse tinga for oss? Kva ved dei fasinerer oss? Er det kva mennesket evnar å lage – sjølve handverket? Historia som ligg i dei? Eller kva dei fortel om oss? Ser ein på Instagram, Pinterest og bloggar så bognar det av vår tids «stilleben»; fotografi av kva folk har i heimane sine og ting dei elles er opptekne av eller ønskjer seg. Og det utan å søke på bilete med emneknaggen #stilllife (over 4 191 000 treff) på Instagram. Bileta vanlege folk legg ut av tinga sine krev mykje arbeid med utval, komposisjon og lys. Alt handlar om å arrangere og dandere tinga på stilegast mogleg måte, og slik få tinga til å seie bra ting om oss sjølve. Dei skapar «imaget» vårt. «Dette er tinga mine, slik er eg!»

Korleis har kunstnarane, som Hans Gjesme (1904-1994), teke stilling til tinga dei skildrar/lagar? Kva skildrar/lagar dei og korfor? Kva ønskjer dei å formidle? Korleis er medvitet kring bruken av stillebensjangeren i dei todimensjonale verka? Er skildringa av ting på 1900-talet berre eit utgangspunkt for formale eksperiment for kunstnarane, eller legg dei meir i det? Kunstnarar heilt opp til vår eiga tid, slik som Maria Brinch (1984) med røter frå Lærdal, interesserer seg framleis for å skildre og skape ting, og vidarefører og fornyar med det ein lang tradisjon med sine nye innfallsvinklar.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to