MØNSTRING er ei medlemsutstilling for medlemane av Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane (BKSF) og dei medlemane av Norske Kunsthåndverkere Vest-Norge (NKVN) som er busett i fylket. Utstillinga er ei vidareføring av BKSF-VÅRutstilling, som har vore arrangert sidan 2005, og KUNSTSF2012, som var den største presentasjonen av regional samtidskunst nokon gong og arrangert i samband med opninga av Sogn og Fjordane Kunstmuseum i 2012.
Sogn og Fjordane Kunstmuseum har mellom anna som formål å informere om arbeidet til kunstnarane i fylket. MØNSTRING er ein god måte å informere om kva kunstnarane til ei kvar tid arbeider med og er oppteken av. Arbeida skal vere laga dei siste tre åra og MØNSTRING skal arrangerast kvart tredje år. Kunstnarane bestemmer sjølv kva for verk dei vil presentere på utstillinga, dei kan levere inn eit arbeid og vere med å avgjere korleis verket best kan presenterast.
Som ei medlemsutstilling utan jury og fri innlevering speglar MØNSTRING eit mangfald av uttrykk, teknikkar og materialar. 36 kunstnarar deltek med eit arbeid kvar. Eldste deltakar er Agnes Bjørbæk, som med sine 93 år deltek med eit arbeid frå 2015. Nokon har delteke tidlegare medan andre er unge og nye og deltek i denne samanheng for første gong. Det regionale kunstlivet vert karakterisert av mangfald og vitalitet. Sogn og Fjordane Kunstmuseum er stolt over å kunne vise denne presentasjonen, som på ein god måte syner kva desse kunstnarane arbeider med. Det er blitt både ei vakker og interessant utstilling!
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».