Photo: Norum, Ingrid / SFKM - Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Kropp og sjel

Kunstnarane har til alle tider vore opptekne av det som ligg oss menneske nærast; vår eigen kropp og sjel. Korleis har dei så skildra det fysiske skalet vi alle ber på? Korleis har dei klart å få fram sjela sine ulike tilstandar? Kunstnarane syner oss korleis vi opplever kroppane våre reint fysisk, men òg psyken må dei skildre gjennom den lekamen den er ein del av. Tidlege filosofar som Platon (ca. 428-348 f.Kr.) meinte at sjela berre mellombels var sameina med kroppen og at dei ved døden ville skilje lag. I og med at ein aldri har klart å finne empiriske bevis på at sjela kan skiljast ut som ein eigen del i kroppen, eller i frå kroppen, har moderne filosofar falle ned på at sinn og lekam ikkje kan skiljast.

I dei kunstverka vi har vald ut til denne utstillinga, utkrystalliserer det seg fleire tema. Nokre verk skildrar den naturlege kroppen i akt og badescener, kroppen som allegori og forholdet til eigen kropp. Forteljinga frå Det gamle testamentet om Adam og Eva som vert drivne ut av paradiset, er òg starten på historia om menneska sitt forhold til eigen kropp i den vestlege kristne kultursfæren. Når Adam og Eva har ete av kunnskapens tre og vert vist ut i frå Edens hage av Gud, vert dei plutseleg òg var sine eigne nakne kroppar og kjenner for første gong på skamkjensla. I aktene er kropp relativt nøytralt skildra, og fokus er meir på anatomi enn på noko erotisk. Det at mange kunstnarar opp gjennom tidene har avbilda folk som badar i det fri, kan tyde på at det har vore eit legitimt høve til å sjå på, og skildre, den nakne menneskekroppen.

Mange av verka handlar om den fysisk lidande kroppen og kroppen som spegl for psyken. Her ser vi kroppar utsette for tortur, inngrep, krig og død. Myta om Ikaros minner oss på kroppen sine fysiske avgrensingar, medan Steinum i videoen «Wood Ambient» testar ut smertegrenser og iscenesett seg sjølv på ulike vis i forhold til naturen. Vangsnes si «Kappe I», Hauge sitt «Sendebod» og Meyer sin «Hjelm II, Napoli» speler på tanken om kroppen som skal. Ingen av dei skildrar menneske, men vi opplever likevel å stå framfor ein kropp. Fleire av verka freistar syne fram ulike sinnstilstandar gjennom nærstudium av kropp og andlet. Alt frå fråverande, tenkande og observerande tilstandar til einsemd, avmakt, traume og angst.

Den siste bolken med verk har den attråverdige kroppen i fokus. Kva får oss til å sjå det erotiske i ein kropp? Det handlar om positur, delvis avdekte kroppsdelar, konkrete skildringar av genitalia og erotiske situasjonar. Kontrasten er stor mellom Vinjum sine særs eksplisitte laveringar og meir insinuerande verk som til dømes «Waiting» av Krzywinski.

Verka kjem frå samlingane ved SFKM, Førde, Astruptunet, Eikaasgalleriet og Sogn Kunstsenter. Brorparten av dei representerte kunstnarane er fødd på 1940 og -50-talet, og to av tre er menn. Verka fell i hovudsak inn under kategoriane grafikk, maleri, teikning, fotografi og skulptur, men òg materialbilete, relieff, assemblage, installasjon, animasjon og video vert synt fram. Verka er laga i perioden 1901-2012, og alle tiåra er representert. Hovudtyngda er likevel frå etter 1970. Kunstverka er samla inn gjennom innkjøp, gåver, deponi og fordelingar frå Norsk kulturråd. Fleire av verka har ikkje vore vist etter at dei kom inn og mange er det lenge sidan vi har hatt høve til å syne fram. Fleire av verka har inntil nyleg vore lånt ut som utsmykking til fylkeskommunale bygg.

Kurator: Ingrid Norum

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to