Langs Den bergenske kongevegen vaks samfunna fram, og i Aurdalsbyen samla dei seg, høg og låg. Velståande bønder og ei veksande kondisjonert klasse sette livet på bygda i kontrast ...
Langs Den bergenske kongevegen vaks samfunna fram, og i Aurdalsbyen samla dei seg, høg og låg. Velståande bønder og ei veksande kondisjonert klasse sette livet på bygda i kontrast til det moderne. Lensmann, fut, sorenskrivar og prest hadde skulegang og vanar frå Kristiania og København. Men i møte med det framande fekk valdrisane inspirasjon og impuls.
Det moderne møtte òg motstand. I eit brev til kona Aminda 26. juli 1865 uttrykte komponist og folkemusikksamlar Ludvig Mathias Lindeman (1812–1887) bekymring over kva som var i ferd med å skje i Aurdal:
«Hidtil har vi kun havet en Lystreise med prægtig Levemaade, men med daarlig Tonefangst, og det ser kleint ud i Valdres dermed. Man træffer nu valdriske Koner med Krinoliner, i den Grad er alt gaaet fremad, saa det er intet at undres over, at det gamle kastes væk. Nu reise vi til østre Slidre i Haab om Udbytte.»
I byggeskikk, klede og musikk såg ein konturane av ein veksande urbanitet. Ei brur søkte òg inspirasjon i det moderne. Brudekjolen i skåpet er i tynn ecru-farga ull. Kjolelivet er trongt og går ned i ein spiss framme. Livet har oppståande krage og opning med 24 små trekte knappar. Skjørtet er foldelagt med kappe nedst. Baksida har vidde – og «stjert». Slepet er laust slik at kjolen kan brukast utan. Likskapen er stor med brudekjolane som Steen og Strøm sydde i 1884.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».