main article image

Plante- og miljøfaglige gjenstander

Institutt for plante- og miljøvitenskap (IPM) omfatta dei tidlegare institutta for blomsterdyrking, fruktdyrking og fruktkonservering, grønsakdyrking, dendrologi og planteskoledrift, jordbunnslære, jordkultur, plantekultur og geologi. Desse var slått saman i fleire omgangar. Dei tidlegare institutta hadde sine praktiske avdelingar, forsøksgardar og laboratorium. Men alle institutta hadde sin base i ein av dei sentrale bygningane ved Norges Landbrukshøgskole, fleire i Tårnbygningen, men også i Jordfagbygningen.

Kvar dei innsamla gjenstandane stammar frå

Faghistorisk utval ved dåverande IPM blei oppretta i januar 2011 av instituttleiar. Medlemene av utvalet var Arne Oddvar Skjelvåg (leiar), Arne Stuanes, Steinar Tveitnes, Finn Måge og Trond Børresen. Den siste var kontaktperson mellom utvalet og instituttet.

Gjenstandane som er samla inn, skildra og lagra i kjellaren i Jordfagbygningen, skriv seg frå undervisning, forsking og drift av dei praktiske avdelingane og laboratorium innan hagebruk, jordbrukets plantekultur, jordkultur, geologi og vannfag.

Dei praktiske avdelingane var spreidde, og dei disponerte nokså store jordareal og bygningar. Institutt for plantekultur hadde sin forsøksgard på Vollebekk med jord, bygningar, laboratorium og veksthus. Institutt for Grønsakdyrking hadde sin forsøksgard på Norderås. Institutt for blomsterdyrking med sine veksthus var i Åsbakken, og i Åsbakken hadde også Institutt for fruktdyrking sine bygningar, men jorda var spreidd frå Norderås til Sørås. Institutt for dendrologi og planteskoledrift heldt til i Åsbakken med jord nær Ås kirke. Vidare hadde Institutt for jordkultur sin forsøksgard på Kjerringjordet, der var jord, bygningar og veksthus.

Gjenstandane som er samla inn og registrert er funne på alle desse stadene frå Norderås til Vollebekk, både i kontoravdelingane, laboratorium og frå dei praktiske avdelingane.

Order this image

Share to