Øyvind Botn, Fredselskere med due, 1982, collage og olje på lerret, SFKM 1382
Øyvind Botn, Fredselskere med due, 1982, collage og olje på lerret, SFKM 1382 (Copyright)

Engasjert kunst i samlinga

Ein stor del av samlinga på 900 verk i Førde har ein engasjert tematikk. Ulike kunstnarar har skapt verk med brodd og vidd, med teknikkar som måleri, grafikk, fotografi, skulptur, tekstil, porselen, glas, bronse, tre og ready made. Verka er laga i tidsrommet frå 1970 og fram til i dag. Dei handlar om alt frå konflikter, som Vietnam-, Afghanistan- og Balkankrigen, til kontrastar mellom fattig og rik, nord og sør, ironiske nasjonalkjensler, EU-kamp, innvandring, tru, miljøvern, dyr og etikk, abortkamp osb. Kunstverka er samla inn gjennom innkjøp, gåver til Fylkesgalleriet si avdeling for refusert kunst og fordelingar frå Norsk kulturråd. Her kan du sjå og lese om korleis kunstnarar dei siste 50 åra har reagert på hendingar i si samtid, korleis dei har vald å dele/skildre sine inntrykk og kanskje til og med prøvd å påverke opinionen.

Morten Krohg - Kunst som politisk verkemiddel

Morten Krohg, Våre menn er Jesu Kristi soldater i Vietnam, 1971, serigrafi, SFKM 1370 (Copyright)

Morten Krohg (1937) er ein særs politisk medviten kunstnar som gjennom heile karrieren har hatt stor tru på kunst som politisk verkemiddel.

I dette silketrykket har han tatt utgangspunkt i det amerikanske flagget ”Stars and stripes” si oppbygging og fylt det med kontrasterande biletmateriale. I stripene skimtar vi ein tekst som visar til kardinal Spellmann, erkebisp av New York, si vidgjetne utsegn under eit julebesøk blant soldatane i Vietnam: han meinte at US Marines var ”Jesu Kristi soldatar i Vietnam”. Til høgre har Krohg plassert ei teikning av Jesus på korset, medan han til venstre, der stjernene vanlegvis er, har plassert eit fotografi i svart og lyseblått som syner resultatet av dei ”kristne” stridsmennene sin massakre i My Lai i 1968. Over fotografiet har han dratt ei brei rosa stripe, som gjev assosiasjonar til blod. Biletet kan gje assosiasjonar til både misjonering og korstog.

Morten Krohg, Jaktscene 12, 1985, assemblage, SFKM 1037 (Copyright)
Morten Krohg, Jaktscene 10, 1984, assemblage, SFKM 1359 (Copyright)
Morten Krohg, Jaktscene 1, 1984, serigrafi, SFKM 1217 (Copyright)
Morten Krohg, Jaktscene 2, 1984, serigrafi, SFKM 1218 (Copyright)
Morten Krohg, Jaktscene 3, 1984, serigrafi, SFKM 1219 (Copyright)
Morten Krohg, Jaktscene 4, 1985, serigrafi, SFKM 1220 (Copyright)

Jaktscener er ein serie silketrykk og montasjar som Krohg laga på eigen verkstad i Askvoll medan han budde der. Serien (1-14) vart stilt ut meir eller mindre fulltalig i kunstinstitusjonar rundt om i Norge frå 1985 til 1987. SFKM har eit eksemplar av alle dei seks silketrykka og to av dei unike montasjane i si samling. Ein av dei resterande 6 montasjane er i samlinga til Lillehammer Kunstmuseum.

Bakgrunnen for bileta er krigen i Afghanistan som byrja i 1979 då Sovjetunionen, styrt av president Bresjnev og statsminister Kosygin, gjekk til åtak på Afghanistan, etter lengre tid med indre uro. USA styrt av president Carter gjekk på si side inn og støtta opprørarane i deira motstandskamp. Slik vart konflikten i Afghanistan i vidaste forstand ein konflikt mellom partane i den ”kalde krigen”. Okkupasjonen varte i 10 år. I vår tid har USA rota seg inn i ein ny krig i Afghanistan. Situasjonen er like betent og langt unna ei løysing i dag som for over 30 år sidan.

Jaktscener har ei side som dreier seg om den faktiske konflikten, men òg ei allmenn side som rettar seg mot all økonomisk eller militær okkupasjon og undertrykking, og for nasjonars rett til frigjering. Tittelen kan ifølgje kunstnaren lesast som ein metafor for stormaktene sine jaktutflukter i framande land.

Kjellaug Haugen Holter - Golfkrigen

Kjellaug Haugen Holter, Uten tittel, 1991, biletvev i ull, SFKM 1341 (Copyright)

I denne biletveven har Kjellaug Haugen Holter (1922-2017) vove inn soldatar som siktar på grupper av små og store menneske som klyngjer seg saman på flukt frå brennande høgblokker. Det er antakeleg Gulfkrigen i som er skildra. Som Hannah Ryggen (1894-1970), tek Haugen Holter opp aktuelle hendingar i si samtid som: krig, asylpolitikk, mørkemenn, kvinner frå ulike kulturar, justismord og svolt i Afrika.

Øyvind Botn - Krig i Midtausten

Øyvind Botn, Fredselskere med due, 1982, collage og olje på lerret, SFKM 1382 (Copyright)

I denne fargesterke collagen er den amerikanske presidenten Ronald Reagan og den israelske statsminister Menachem Begin plassert midt i eit krigsinferno. Dei er omringa av lidande born og elende medan eit jagarfly dundrar over hovudet på dei. Ein kan nesten høyre lyden av gråt blanda med den øyredøyvande flyduren.

I 1978 vart Begin tildelt Nobels fredspris i lag med Egypts president Anwar al-Sadat for deira arbeid for fred mellom Israel og Egypt. Men same år og i 1982 stod Begin som statsminister ansvarlig for invasjonane i Libanon, og var kompromisslaus ovanfor palestinarane og PLO, til tross for fredsavtalen med Egypt. Hovudårsaka til den andre invasjonen kalla, «Operasjon fred i Galilea» var eit attentat på den israelske ambassadøren Argov i London 3. juni, sjølv om attentatmennene ikkje var medlemmar av PLO. Reagan prøvde tidleg å få Begin til å unngå militære grep som kunne leie til ei utviding av konflikten, men Begin og forsvarsministeren hans, Ariel Sharon, var allereie i gong og ville ikkje vike. Begin og Reagan møttes i Det kvite hus. 21. juni 1982 for samtalar. Kanskje er det eit avisutklipp frå denne hendinga Øyvind Botn (1928-2019) har brukt som utgangspunkt for sin collage.

Christian Backer Owe - Kontrastar mellom fattig og rik

Christian Backer Owe, Liten tolvskillingsopera, 1978, tempera på lær, SFKM 1111 (Copyright)

Tolvskillingsoperaen er eit teaterstykke av Bertold Brecht skreve etter første verdskrigen i eit skakkjørd Tyskland. Stykket formidlar skarp samfunnssatire via svart humor og folkeleg musikk, og handlar om menneska sin utilbørlege trong til å trakke på kvarandre. Det stiller spørsmål ved styresmaktene sin objektivitet og kritiserer kapitalismen og den hierarkiske inndelinga av menneske i samfunnet.

Christian Backer-Owe (1924-2015) sitt nydelege vesle verk måla på lær og ramma inn i kostbart sølv står i sterk kontrast til innhaldet som syner at verda er grunnleggande urettferdig og at avstanden mellom den armaste fattigdom og den mest ufattelege rikdom er kort.

Ellen Bang - Abortkamp

Ellen Bang, Fosterutviklingsskap, ant. 1979, SFKM 1036 (Copyright)

Naken og mutters aleine svever fosteret der. Månader med venting er snart over. Det er no det byrjar, det verkelege livet. Men kvar vart det av mor si mjuke varme livmor og navlestrengen med alt det gode i? Dei er erstatta av eit retroteknologisk, kaldt metallskap, ein ring av jern og tubar av plast. Gjennom tynne plasthanskar kan ein tukle med fosteret før det er ferdig utvikla.

Ellen Bang (1954) syner oss her ein framtidsvisjon kor teknologien og vitskapen har teke over mor si rolle. Slik ”lurar” dei naturen og mor vert overflødig. Tankane går til genmanipulering, fosterdiagnostikk, ”The Matrix”-inkubatorar, kunstig befruktning og abort.

I 1978 vart lova om sjølvbestemt abort vedteken med ei stemme overvekt i Stortinget. Den tok til å gjelde året etter. Fosterutviklingsskap vart vist på Vestlandsutstillinga i 1980, vart ant. laga året før, og kan difor sjåast som eit innlegg i debatten. Fosterutviklingsskap står fram som tvitydig: Det kan både vere ein kritikk av abortkommisjonen, som kunne redusere kvinna til eit foster-utviklingsskap mot si vilje, eller er det eit uttrykk for motstand mot tukling i mors liv?

Gunnhild Vegge & Lasse Kolsrud - Det "norske"

Vegge & Kolsrud, Kom mai, du skjønne, milde, 2002, SFKM 1601 (Copyright)

Dette verket, med tittel frå ein song vi forbinder med 17. mai, er ein del av serien «Kiempers Fødeland, utfoldelse i friluft» som kunstnarparet har samarbeidd om sidan 2000. Serien kastar eit skråblikk på nordmenn sin ihuga trong til utandørs aktivitetar. Humor og ironi på eigne og andre sine vegne står sentralt, og det er friluftslivet til alle årstider, i bygd og i by, som vert skildra. Med dette prosjektet spør dei oss: «Kjære landsmenn; hvem er vi, og hvor går vi? Og hva i all verden holder vi på med?».

Paul Sullivan Hellsegg - Krigen i Jugoslavia

Paul Sullivan Hellsegg, Time, 1995 eller før, olje på lerret, SFKM 1487 (Copyright)

Maleriet ser nøyaktig ut som ei framside på magasinet Time. Øvst til høgre kan vi lese utgjevingsdatoen 21. februar 1994. Feite raude, gule og kvite bokstavar ligg over ei rå skildring av blodige og daude kroppar plassert på bårer i ein korridor. Mengder med blod er smurt utover golvet. Teksten fortel om krigen i Jugoslavia. Om ein tar ein kikk på det ekte bladet Time frå den aktuelle datoen, er det eit heilt anna syn som møter oss. Vi ser Nancy Kerrigan avbilda i eit vakkert kunstløphopp. Teksten på biletet visar til usemja mellom ho og Tonya Harding under OL på Lillehammer. Øvst til venstre, over Time-logoen fortel teksten ”Life and death in Sarajevo” om ei historie som blir utdjupa inne i bladet. Kontrasten er med andre ord stor mellom den reelle og den fiktive framsida. Paul Sullivan Hellsegg (1962) har skapt sin eigen versjon og syner såleis sitt standpunkt til kva eit magasin som Time burde prioritere å formidle, men som kanskje ikkje hadde seld like godt som krangling mellom to idrettsutøvarar. Dette er noko så sjeldsynt som eit politisk engasjert maleri frå 1990-talet.

Vibeke Tandberg - Identitet og "dei andre"

Vibeke Tandberg, Ettermæle, 1994, installasjon med fotografi, SFKM 1478 (Copyright)

Dette verket var Vibeke Tandberg (1967) sitt eksamensarbeid ved Institutt for fotografi ved Kunsthøgskulen i Bergen, og er omtala i boka «Norsk fotohistorie» frå 2007. Tandberg nyttar seg sjølv som modell i bileta sine og ved hjelp av datamanipulering blandar ho framande trekk inn i sitt eige andlet som i serien Dad frå 2000, klonar seg sjølv som i serien Living Together frå 1996 eller plasserer seg sjølv inn i framande samanhengar som i Ettermæle. I dette verket opptrer ho som sjølvoppofrande hjelpearbeidar i Afrika. Inkludert i verket er òg ein fiktiv dødsannonse og to nekrologar som kunstnaren fekk trykt i fleire norske aviser da ho arbeidde med verket i 1994. Tandberg har på postmodernistisk vis tileigna seg andre fotografar sine fotografi, frå Afrika og av ho sjølv, for så å manipulere dei i hop. Ettermæle er ikkje eit sjølvportrett, men kunstnaren nytter seg sjølv for å skildre, og reise spørsmål rundt stereotype kvinneroller og haldningar til "dei andre". Samstundes undergrev Tandberg fotografiet si rolle som objektivt sanningsvitne.

Share to