Tobakksbutikk og meieriutsal i Eitrheimsvegen - skuletrappa til høgre.
Tobakksbutikk og meieriutsal i Eitrheimsvegen - skuletrappa til høgre. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Skuletrappa

Den bratte skråningen mellom bydelen på Bakke og bydelen langs sjøen var ei utfordring. Frå den flate Bakkemoen og ned til Eitrheimsvegen i Odda var det så bratt at det kunne ikkje lagast gater mellom eigedomane, men mange personar skulle til og frå skulen eller ned til Eitrheimsvegen der det låg butikkar, verkstadar og kaiar.

Snarvegar

Odda bygningskommune bygde difor to offentlege trapper i 1914. Den eine går frå Motippen til Eitrheimsvegen, ved Søfjordsenteret. Den andre trappa som går frå Bakkegata ved nord-austre hjørnet av barneskulen, kallar vi «skuletrappa». Samstundes med desse trappene bygde kommunen Skulegata som går frå Skuletrappa og sørover Bokko.

Den tredje trappa som går langs Hardanger Hotel kom i 1960-åra. Her gjekk det før ein skrå gangveg opp bakken då det tidlegare trehotellet låg her.

Dei tre trappene fører oss raskt frå ein bydel til ein annan og gjer det litt spesielt å ferdast i Odda sentrum.

Folketog gjennom Brotateigen. Sett frå skuletrappa. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Byvandring

Her kan du ta ei byvandring i Odda sentrum

Share to