Kjøttbasaren i Odda hadde Kaffistova i andre etasje
Kjøttbasaren i Odda hadde Kaffistova i andre etasje Dag Endre Opedal, Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Kjøttbasaren

Kjøttbasaren (Eitrheimsvegen 15) er eit av dei to husa som den kjende Bergensarkitekten Ole Landmark teikna i Odda. Også dette huset er bygd medan handelen og butikkane var i ein tidleg oppbyggingsfase. Ei fasadeteikning har påskrifta «A/S Kjøtbazaren i Odda» og er datert og signert Bergen, juli 1917 Ole Landmark.

Huset blei lenge heitande Kjøttbasaren, akkurat som i Bergen. Det var fleire spesialbutikkar her, kvar med si inngangsdør frå gata, men om det var slik frå starten er litt usikkert. I andre etasje låg Kaffistova, ein populær kafé og møteplass gjennom mange år.

Arkitektur

Huset har opprinneleg ein stram og vakker arkitektonisk stil med detaljer inspirert av nyklassisisme eller 20-tallsklassisisme. Men etter ombyggingar, fjerning av dørar og oppsett av markiser, må vi leita litt for å sjå linjene i bygget. Legg merke til detaljer i hjørnelister og døromramming, markeringa av skillet melom sokkel- og førsteetasje og dekorasjon som har stått over ei av dei tidlegare inngangsdørane.

Taket er valma og lite dominerande, men takutspringet stikk langt fram og gjev huset tyngde.

Originalteikningane til bygget finns i Landmarkarkivet i Bergen byarkiv. Arkivet viser at Landmark også har teikna privathuset for Sverre Bredal på Tokheim, betre kjent som «Ravn-huset» eller Eitrheimsvegen 139.

Torget og HSD-kaien i Odda, Kjøttbasaren til høgre for hotellet. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Byvandring

Her kan du ta ei byvandring i Odda sentrum

Order this image

Share to