Vinkelgården - Røldalsvegen 21-23
Vinkelgården er eit hus i Røldalsvegen i Odda. Huset er truleg kalla «Vinkelgården» frå det var nytt fordi det er bygd i ein open vinkel. Men dei fleste godt vaksne og eldre kallar huset Bækkenhuset.
Etter at industriperioden starta i 1906, og særleg etter at smelteverket utvida omkring 1912 vaks Odda-byen ytterlegare. Det blei og stor etterspurnad etter forretningslokale. Forretningsmannen Sverre Bredal som kom frå ein handelsfamilie i Bergen og byggmeister Knut Svåsand frå Odda gjekk saman og bygde Vinkelgården i 1913.
Det bymessige huset kall Vinkelgården - vinkelhuset eller Bækkenhuset, er bygd i 1913 og ikkje i middelalderen, men det har likevel føyd seg etter svingen i gata.
Forretningsmenn og forretningskvinner
Sverre Bredal dreiv agentur- og skipsekspedisjonsfirma. Han var i slekt med Knud Knudsen, den berømte Odda-fotografen frå Tokheim. Sjølv bygde tomtespekulant Sverre Bredal seg hus nedst på Egne Hjem, og budde der til han døydde av spanskesjuka i 1918, nesten 43 år gamal.
Tannlege Fredrik Wexel starta tannlegekontor i bygget i 1914. På 1990-talet heldt Femina frisørsalong til i 2. etasje i nr 23 der det før hadde vore bustad. Olav Lothe var lenge eigar av bygget, og seinare Brita Lothe Melstveit.
Anna Haugen var kjend som ei drivande forretningskvinne då Odda var under oppbygging. Ho dreiv konfeksjonsbutikk i vinkelgården frå 1914 til 1927. Etter det overtok firmaet A/S Bækken & Co, også det ein klesbutikk. Bækkenbutikken var i drift i omlag 50 år, så det er ikkje rart at huset lenge blei heitande Bækkenhuset på folkemunne. Og framleis er det klesbutikkar i dette huset.
Byvandring
Her kan du ta ei byvandring i Odda sentrum