Ringedalsvatnet og Einseten i Skjeggedal.
Ringedalsvatnet og Einseten i Skjeggedal. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Ringedalen og Ringedalsvatnet

Like frå Ringedalsfossen og ut til Bjødnahålo ligg sjølve Ringedal, i ein fin runding under nuten. Tysseli heiter det på heimsida av Tysso og Tyssestrengene. Der er særs frodig, især med tytebær, heilt sidan den store skogbrannen i 1875. Tysseli når heilt heim til Endanutåna som renn ned på vestsida av Endanuten.

Slik har Lars Stana (1882-1959) omtalt dalen og området ein gong.

Områda Floren og Gryteskar - som i dag ligg i turiststien på veg til Trolltunga - var i gamle dagar ofte gjesta av bjørn. Bjørnen tok sau og geit, og bøndene på Stana og i Skjeggedal jakta på han og skaut fleire. Dei sette også opp sjølvskot, ein stad ved Ringedalsvatnet heiter "Sjølvskott".

Vinterhiet sitt hadde bjørnen innst ved vatnet i Tysseli, nedanfor Tyssestrengene, Bjødnahålo.

Seinare vart staden kjend som Siggehålo, der den fredlause Sigge budde. Segna seier at dalen vart kalla Siggedal som igjen var opphavet til Skjeggedal.

Andre segn seier at namnet er sett saman av mannsnamnet Skjegge og dal. Mannen Skjegge skal også ha vore ein fredlaus, eller rømling, som slo seg ned i dalen ved Ringedalsvatnet.

Ringedalsvatnet

Tyssovassdraget var som skapt for vasskraftutbygging og kraftkjelde til storindustri. Kjeldene fann ein på Hardangervidda, der snø og vatn samla seg og rann i bekkar, elvar og fossar ned i det store Ringedalsvatnet - eller Storavatnet som det opphaveleg heitte. To av dei høgaste fossane i Norge og Europa tømte seg her, etter eit fall på over 300 meter. Frå Ringedalsvatnet rann det vidare over Vassendfossen ned i Vetlevatn før det bruste som elva Tysso gjennom dalen ned til Tyssedal og ut i Sørfjorden.

Terskelen ved Vassenden, der det 8 kilometer lange Ringedalsvatnet ender i sørvest, var staden der Ringedalsdammen vart bygd i åra 1910-1918.

Vegen langs vatnet

AS Tyssefaldene fekk kontrakt med Staten den 4. mars 1964 og starta arbeidet med Tysso II-kraftstasjonen 16. april. Opphaveleg var planen å ta transporten inn til taubanestasjonane i Ringedalen med båt eller på isen, men det vart tidleg klart at eit slikt føretak var nærast umogleg på det regulerte vatnet. Ein ståldorry vart kjøpt inn og bygd om til ein flåte med hjelp av to ståltankar. Anleggsmaskiner vart transportert innover vatnet på denne og sett i land.

Innover i dalen er det i dag få spor etter den omfattande og hektiske verksemda som den gong gjekk føre seg. Utbyggar og eigar rydda opp etter seg og krattskogen tok etter kvart over mange stader.

Ringedalsvatnet fylgjer dalen innover, men ved "Klumpen" bøyer det seg mot aust. Området før Florelva, eller Floråne, heiter Flataneset. I Floren var det to stølar. Lenger inne kjem ein til Endåa. Tyssevatnet slapp vatnet sitt ut i dei to Tyssestrengene, og ved Tyssebotnen og Tyssenes rann Tysso ut i Ringedalsvatnet.

Elvane er i dag fanga opp i tunellar.

Frå en liten flate like før elva Tysso innst i Ringedalen, gjekk det taubane opp til anleggsområdet og tunellarbeidet ved Endåen under utbygginga av Tysso II.

På sørsida av vatnet renn elva Moso frå Mosdalsvatnet ut i Ringedalsvatnet. Her reiser Middagsnuten seg 1063 meter over havet. Enno høgare opp kneiser Einseten med sine 1446 m.o.h., med to mindre Einsetar rett ved.

Arbeid på vegen langs Ringedalsvatnet. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Fjellgrunnen

Fjellet ved Ringedalsvatnet er granitt, og godt å byggja i. Fjellet ved Endanuten og Tyssebotn er fyllitt, populært kalla "råtafjell". Bergarten er lagdelt og vanskeleg å sprenga tunellar i. Det er i fyllittområda ein finn bergkrystall.

Postkort av Hotel Skjeggedalsfos, Vetlevatn og Vassendfossen med Einseten fjelltopp i bakgrunnen. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Hotel Skjeggedalsfos

Det var eigarane av to av hotella i Odda, Thorstensen og Tollefsen, saman med Helge Jordal i Skjeggedal som gjekk saman og bygde Hotel Skjeggedalfos.

Straumen av turistar som ville til Ringedalen for å sjå fossane var stor, og berre dei sprekaste klarde turen på ein dag. Turistane måtte ro (verta rodd) frå Odda til Tyssedal før dei gjekk stiane opp til Skjeggedal for så å verta rodd inn Ringedalsvatnet og fossane.

Foto

Sjå fleire foto frå Ringedalsvatnet før vasskraftutbygginga

Kjelder

Hardanger Historielag 2001 - Torkel L. Stana Bjørne-soger Odda - hovedstaden i Hardanger frå 1963

Stadnamn frå gardane i Odda : samla på 1920-talet

Norvald Vethe: Vandring i gammal og ny tid : veg- og stadnamn i Odda kommune

Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid. 3 2 : Bygdesoga 1913-63 : gards- og ættesoga : Odda

Hardanger (Utne) : tidsskrift. 1944 - Skjeggedal av Daniel Er. Eitrheim

Kraftmuseet arkiv

Share to