Banktilsette ved Odda Kreditbank i 1916
Banktilsette ved Odda Kreditbank i 1916 Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Bank i Odda

Det var Bergen som var først ute med bankverksemd i Norge, då dei første pengesedlane vart trykte her i 1695. Men den første vellukka banken i Norge vart oppretta av Stortinget i 1816, og fekk namnet Norges Bank. Hovudsetet var i Trondheim, med filialar mellom anna i Bergen.

Forretningsbankane var først ute. Dei vart drive som aksjeselskap, skaffa seg midlar til drifta ved å ta imot innskot.

I 1823 vart Bergen Sparebank grunnlagt, eitt år etter den fyrste sparebanken vart oppretta i Christiania. Sparebankane retta seg meir mot privatpersonar, og var organiserte utan eigarar, som institusjonar som eigde seg sjølve.

Det vaksande næringslivet og industrialiseringa i landet førte til at det oppstod eit behov for forretningsbankar, og Bergens Privatbank var ein av dei første. Banken følgde med på utviklinga i Odda, der det gjekk føre seg ei enorm omvelting frå bondesamfunn til industrisamfunn.

Bergens Creditbank oppretta filial i Odda i oktober 1907, allereie før fabrikkane var i gang. Sakførar Faye i Bergens Privatbank sat i direksjonen i Cynamidfabrikken i Odda, noko som nok har verka inn på avgjerda om ei framtidsretta etablering i industristaden. Faye fekk oppdraget med å finna ei passande tomt der dei kunne setta opp eit bankbygg. I sakskartet til styret den 24. april 1911 heiter det:

Man var enstemmig af den opfatning at banken maatte skaffe sig fast fod i Odda - baade af hensyn til bankens nuværende forretninger med eksisterende industrielle anlæg derinde, og af hensyn til den udvikling som Odda baade med paatænkt udvidelse af disse anlæg og ved paatænkte nyanlæg vilde gaa imøde.

Etableringa av filialen i Odda skuldast altså at banken allereie hadde forretningar med industrien. Utvidingane av fabrikkane var eit anna viktig argument, og eigarane hadde stor tru på framtida.

Den første sparebanken i distriktet vart oppretta i Kinsarvik i 1846, og skulle gjelda i heile Hardanger. Men då privatbankane etablerte seg i Odda etter at industrien kom, tok Karl Bøthun opp spørsmålet om ein eigen sparebank i Odda i heradsstyret i desember 1915. I 1916 vart Odda Sparebank oppretta, sjølve opninga var i august 1918. Odda kommunale Elektrisitetsverk fekk den første kassakreditten, mot kommunal garanti.

I sparebanken sin lover står det at det der ikkje er høve til gevinst for privatkapitalen, det banken opparbeider seg skal nyttast til ålmengagnlege føremål.

Tyssedal Kreditbank vart opna i 1917, og Odda fekk etter kvart fem bankar.

Faksimile av avisannonse
Faksimile av avisannonse

Banksjefar

Den 4. mai 1911 vart Peter Andreas Jersin tilsett som banksjef for Bergens Privatbank filial i Odda. Han var født i Bergen, og hadde allereie vore tilsett som sekretær ved Albyfabrikkane i Odda. Han hadde relevant praksis frå innland og utland. I november same år tok filialen namnet Odda Privatbank, Bergens Privatbank filial. Opningsdagen var 19. januar 1912, og bygget var å finna i sentrum av Odda, i Røldalsvegen, i dag gågata.

Jersin var banksjef i tre år, etterfølgarar var Haakon Irgens i tida 1915-1919, Arthur H. Norill frå 1930 til 1934 og A. Olssen frå 1934. Albert Berge var banksjef på 1950- og 1960-talet.

Banken hadde ei betydeleg rolle i Odda si utvikling, og etter at Bergen Creditbank avvikla drifta si i Odda i 1931, vart alle industribedriftane og det mesta av næringslivet kundar hjå Odda Privatbank. Det var tydeleg at norske forretningsbankar involverte seg i kraftkrevjande industri, og gjennom filialane kom ein nær på kundane.

Industri og krig

Karbid- og cyanamidindustrien hadde tilsynelatande eit svært marknadspotensiale, og banken baserte sine utlån på marknadsvurderingar frå nokon av dei framste karbidekspertane i verda. Då ein av desse - direktør Albert Petersson ved Oddafabrikkane - forsvann sporlaust i 1914, var banken bekymra med tanke på fabrikken si framtid. Sakførar Faye reiste til London for å høyra korleis dei engelske eigarane vurderte denne. Inntrykket han sat att med var positivt. Karbidproduksjon var spesielt viktig under 1. verdskrig, til nitrogengjødsel, men også til sprengstoff og vidareforedling innan kjemisk industri.

Banken i Tyssedal vart stengd under 2. verdskrig, men opna att etter denne var over.

Den 23. april 1940 slapp tyske krigsfly bomber over Odda. Den første bomba som råka bustader, drepte fem mennesker. Då den andre bomba fall i Røldalsvegen, hadde folk kommt seg inn i tilfluktsrom så ingen kom til skade. Bankbygget var eitt av bygga som vart råka, men ikkje øydelagt.

Etter bombinga av Odda sentrum i 1940 Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Det er så sikkert som banken

I 1923 skriv pseudonymet "Plassmajor Tallaksen" med sin kvasse penn om bankane:

Det er so sikkert som me hadde det i banken. Kven er det no som torer bruka det uttrykket utan at dei legg noko ironisk i det? - Det er vel ikkje noko folk har meir otte for enn for bankane. Dei som har pengar dei gjeng reint frå svevnen. Dei veit ikkje anna å gjera enn å bera pengane sine frå bank til bank. Dei flyttar på setlane, set dei inn her og tek dei ut att og får dei oftast til slutt plassert i ein bank som stengjer dagen etter.

Andre tek pengane heim og gjøymer dei i sokkefoten. Men dei søv ikkje betre for det.

Dei tenkjer berre på tjuvar, eldebrann og annan styggedom - og no har Norges bank skræmt dei endå meir: Tenk om pengane dine brann inne! Då får du ingenting att. Og so gjeng dei ut og grev ned pengane sine. Kven veit om ikkje ein luring stend attum hagegjerdet og kikar medan du grev ei grav for din eigen rikdom?

Dei er ikkje mykje høgare i hatten dei som skuldar pengar i banken helder no um dagen. men dei teigjer fint still dei.

Odda er velforsynt med bankar, og den beste banken er Odda kommunale fattigkontor. For den banken har jamvel setel-utstedelsesrett tilliks med Norges Bank, og setlane er gode som gull. Den banken har me ikkje høyrt har vore i serlege vanskar endå... Dei har ubegrensa kredit i Norges Bank, sidan porteføljen er heilt urørd av dei fallande konjunkturar.

Difor søv ingen rolegare enn dei som har sine forretningssamband der.

Utdrag frå artikkel i lokalavisa Hardanger 16. mai 1923

Opphavet til banksystemet kjem frå Italia, der ordet Banco eller Banca var namnet på disken pengevekslarane dreiv si verksemd ved.

Kjelder

Banken i samfunnet. Bergens Privatbank/Bergen Bank 1855-1990. Ola H. Grytten, Elisabeth Bjørsvik og Yngve Nilsen. Bodoni Forlag 2013.

Avisa Hardanger

Olav Kolltveit: Odda Sparebank 1916-1966

Sjå fleire foto av bankar i Odda:

Share to