Jærmuseet.
Jærmuseet. Fotomotiv: Langorv/ ljå: https://digitaltmuseum.no/021026113039/langorv

Arkivdagen 2024: Når døden gjestar


Foreldre og sysken går og arbeider, sett samen i heimen. Men det har kome so tungt ut, drag dei alle. Det er som kulden utafrå – hausten – her nått like inn i sjela deira. Ofte stanar dei op rundt i arbeidet og stirer fram for sig: Kvifor skal ho takast frå oss- Den besta av oss alle! Og den kalde randå åt døden ledd seg tyngre og tyngre over heimen.


9.juni er ei internasjonal merkedag for arkiv der institusjonar som bevarer arkiv viser fram noko av dei unike, ekstraordinære og sjeldne dokumenta dei har i si samling. I 2024 er sjukdom, smerte, liding og død tema for arkivdagen.

For anledninga har me henta fram nokre dokument frå arkivet etter Sigrid Hognestad (JÆP252). Sigrid vokste opp i ein tid og stad der døden var ein hyppig gjest som hausta unge sjelar i by og bygd. Sigrid sitt liv blei kort, og frå arkivet kan me lesa om ein universell smerte og uråd frå dei sørgande som blei igjen etter døden hadde gjesta.

Tittelen «Når døden gjestar» og ingressen over er henta fra ein skulestil som systera til Sigrid, Bothild Hognestad, skreiv 10 år etter Sigrid si død. Skulestilen kan lesast i sin heilhet i artikkelen under.

Portrett Sigrid Hognestad JÆF209

Sigrid Hognestad (1892 - 1913)

Sigrid Hognestad var fødd på Hognestad i Time den 09.04.1892. Ho var nummer to i rekka av dei ti barna til Eivind Hansson Hognestad (f. 09.10.186. d. 26.09.1936) og Bolette Henrikke (f. Seland) Hognestad (f.04.03.1868. d. 02.11.1959). Sigrid levde eit kort liv og døde av hjernesvulst i en alder av 20 år den 24.01.1913.

Arkivet etter Sigrid Hognestad inneheld ei samling brev, skulestilar, poesibøker, utklipp og diverse dokument knyta til Sigrid sitt liv, sjukdom, jordferd og død. Arkivet har ei blanda proveniens frå ulike familiemedlemmer som samen utgjer ein arkivsamling om Sigrid Hognestad.


Arkivet kom inn til Jærmuseet saman med to gjenstandar og ei fotosamling. Gjenstandane, JÆG2013.017.01-02, består av ein perlebrodert bringeduk og eit belte til ei folkedrakt som blei sydd av farmora, Tabitha Hognestad, mens Sigrid gjekk på Jæren Folkehøgskole. Bringeduken blei gitt vekk til ein pleierske mens Sigrid var sjuk, men vart seinare returnert til Hognestad familien før det blei gitt som gåve til Jærmuseet - dette bytte av eierskap er nevnt i “det blå brevet” i arkivet. Fotosamlinga, JÆF209, består av 4 portrett av Sigrid aleine og saman med andre familiemedlemmar.

Sigrid foreviga i vogge-song

Då Sigrid var to år gammal var farbror hennar, biskop Peter Hognestad, hjemme på Hognestad for å hjelpa til i slåtten. Frå ein slumrande kvil blei han vekka av Sigrid som gjekk rundt å song om å hente blaae blome. Peter Hognestad dikta då eit par vers som blei til ei voggesong, originalt kalt 'Torbjørg syng for Sigrid'. Denne vogge-songa kom etterkvart for øyrene til Thorbjørn Egner som gjenfortalte denne voggesongen i boka si "Lesebøker for småskolen: På landet og i byen".

Når Sigrid døde kunne ikkje farbror hennar delta i jordferda hennar grunna hans plikter som biskop. Hans minne til Sigrid blei dermed å dikta nye vers til voggesonga til Sigrid. Desse versa blei lest opp i jordferda hennar.

"Når døden gjestar"

10 år etter Sigrid si død skreiv søstera, Bothild Hognestad, ein skulestil om korleis hu som pårørande opplevde tida når Sigrid låg sjuk med ei uhelbredlig hjernesvulst. I stilen er namnet skifta til Sigrun.
Under kan du lesa stilen i sin heilhet, både som original og transkribert tekst, ved å bla til siden i bildeframvisninga.

Sigrid (t.v) og søstera Torbjørg Hognestad (t.h) JÆF209
Transkribert tekst: 13.12.23 mg-g Norsk stil (landsmål) Bothild Hognestad
Transkribert tekst: Når døden gjestar. Dagane sluknar, og nettene vert myrke og lange. Stormen ruskar og riv. Trea spriker med nakne greiner mot frå, tung himmel. Berre hier og kvar blikrar eit lite, vise blad. Men stormen riv det snart laust og føykjer det langt burt. Tunge, frå skyer jagar over himmelen, og nye hjem att. Regnet siler ned, driv mot glasa, hu gjer seg inn i springen og rivar, når gjennom gamle skrale tak og vegge, og det dryp og dryp. Elva slig. Ho brusar og bryt mot elvekanter, og over steinar og i stryk går ho hvit. Kulden síg innover landet. Det er haust. Frametter vegen til Bakken skranglar dokkar-karjolen. Kona kjem ut på trappa, og då fram svinger inn på tunget. Ho helsar stilt på denne framande bydoktoren, og fóren han so enn der dottar hennar, Sigrun, ligg sjuk. Lenge vart doktoren der inne og då han kjem ut og køyrer burt frå garden, let han etter seg ein heim i sorg og vanløype. Sigrun kan aldri verte frisk att. Ingenting kan gjerast for henne. Hovudet hennar lyt berre verkje og verkje til alt er slutt. Dag etter dag går. Ho ligg der still og blek,
Transkribert tekst: Prøver lenkjer medan verkan riv og slit. Ho tykkjer ho har so mykje ugjort endå, ingenting av det ho vilde nå har ho nått. Men, det skulde vel ikkje vere slik! Foreldre og sysken går og arbeider, sett samen i heimen. Men det har kome so tungt ut, drag dei alle. Det er som kulden utafrå – hausten – her nått like inn i sjela deira. Ofte stanar dei op rundt i arbeidet og stirer fram for sig: Kvifor skal ho takast frå oss= Den besta av oss alle! Og den kalde randå åt døden ledd seg tyngre og tyngre over heimen. Det kjem ofte folk inn og spør etter den sjuke, de vil så gjerne sjå henne. Og, alle får kome op. Suma vert sitjande stille un senga, let ikkje ut ord å segje. Det er berre så underlig og uskyntlig dette. Andre talar om kor gildt det alltid hev vore samen med henne, og kor sørgjegleg det er at ho no er sjuk. Og ho ligg still, segjer mest ingenting. Berre ein dag det er ein som talar om han som vart såra for Sigrun sine synder, kviskrar ho: «ja, ja!». Men etterpå, då ho vert aleina att, er ho så trøyt, og hovudet verkjer som det vilde sprengjast. Mora står hjå henne, lytter henne, snur henne, brukar morfinsprøyte, men det hjekpar so lite altsaman. Slik går dag etter dag, natt etter natt. Mora vakar. Blek og runn vert ho. Augo sklir so trøytte og hjelpeslause fram for seg, og vingane under dei vert så svake. Kring munnen kjem so tungt og sorgsomt
Transkribert tekst: Til drag. Ho synes ho orkar kje sjå at barnet hennar skal lide slik. Småsyskane kjem inn og ser til syster si. Men det er så stilt og rart og dei verit ikkje å segje. Dei ser berre på henne ei stille. So mellei sei seg ut att. Og når dei kjem saman med andre barn gløymer dei snart det som er tungt og åkerleg og leiker går fint. Dagane går. Det om jula. So ein dag veit heile grenda at det er på slutten med Sigrun. Men då kan eigen sjå a op til henne. Kvar hu nok med seg sjølve. Det er kome sott åt bygda. Folk sjuknar. Unge og gamle falmast bort, og det er mange av dei vert borje ut frå heimen i ei trong kiste. Kyrkjeklokkane ringer dag etter dag, og ber bod om at døden for hardt fram med den kvasse ljåen sin. Heile bygda ber merke av sorg og død. Alle anlet er så alvorlegem det finst kje smil att. I heimen hennar Sigrun går alle ikring med same ynske, same bøn, «Lat ho få sleppe no». Og den siste kvelden kjem. Breba ig tenarene er samla i stova. Dei pratar stilt og smått. Inne i kammerset sukkar bestefar so tungt. So er det slik att. Då kjem gamle moster inn. Alle ser mot henne med store, spørjende augo. «Ja, no lid det med ho Sigrun» segjer ho med gråtkørt mæle.
Transkribert tekst: Det vert så stilt, stilt. Litt etter er stova tom. Tenarane har gårr på væra sine og minsteborna er komme i seng. Men , dei ligg ei slus med store blanke uunspandre augo og ser ut i myrket. Ho sovnar dei stilt og fredeleg. Men Sigrun strider med døden. Foreldra og dei største syskena står kring senga. Og det er stilt. Den sjuke ligg så blek med affakne augo. Barmen rører seg nest ikkje. Men so opnar augo seg. Hendene vert knytte, barmen går tungt og fort som vilde han sprengjast. Det er som eit hardt stormtak. Mora prøver lette og hjelpa henne, men det nyttar so lite. Dei står der so hjelpelause og rådville. Noen audedraga stilnar og barmen går rolig att. Då går brine beitåt henne, ser på henne siste gangen, stryk handa hennar, men ho kjermer det kje, skynar det kje. Og dei går ut med bøygde hovud, smyg kvar til seg utan eit ord. Men systera og foreldra står att. Dei se kor det kjare. Andleter er merkt av dødemnog dei ser korleis barmen stif, kor andredraga vert tunge og harde, og kor dei stilner av att. Kvar nu vert sluttattare og slyttare. Og stilla mellom videne vert lenger og lenger So høyrast inga andredrag meir. Og det vert so stilt, so stilt. Ingen røyrer seg. Stunda er
Transkribert tekst: Heilag. Ei høugt sjel er lyft op til ljoheimen, ein sjum lekom har fått kvile Den som fyrst sansar seg er systera. Ho ser op på foreldra, ser at dei eig kje ei tåre, ser at mora sitt andlete er stivna i sorg. So går ho fram åt senga, legg puta betre under det stakars sjuke hovudet som endeleg har fått kvile, retter hendene ut og breider lakenet over den døde. Då det er gjort ser ho op på foreldre att. Dei står like stille. Ho varer und armen åt famrne. Då ser han op, liksom han vaknar. «Ja, no kviler ho», segjer han og brust i gråt. Men mora står still som fyrr. Ei stund etter er det myrkt of stilt i heile huset. Men dei ser som har mist barnet sitt, dei stirer inn i myrkret, kan kje får søve, kan kje få kvile. Aller deira tankar for ivrig og samlar seg alltid i et «Kvifor, kvifor?» I den stille, myrke natta vaknar veslejenta ved at storesyster bøyger seg ned over henne og klemmer henne inn til seg som i vestle. «No sov ho Sigrun», segjer ho stilt og tungt, Ho sig ned på puta med syskna i armane og skjelv i ermesleng gråt. Og natta sveiper seg kald og klår om heile bygda. Det susar i kutoppane, og stjernane blinkar.

Brev

Sigrid blei bare 20 år gammal. Sjølv om tida Sigrid levde i var prega av epidemier og barnesjukdommer vitnar brev til foreldra og familien om ei ubeskriveleg sorg.


Under finn du nokre av orda som blei sendt til familien i ei vanskeleg tid.

JÆP252/F/0002 Blomane er eit utklipp frå den eine poesiboka til Sigrid Hognestad

Ønskjer du å sjå meir av dokumenta frå arkivet om Sigrid?
Arkivkatalogen til JÆP252 - Sigrid Hognestad finn du her på Arkivportalen. Ta kontakt på sda@jaermuseet.no for å avtale tid på lesesal. Arkivet vil bli publisert som skanna materiale på Digitalarkivet om kort tid.

Ønskjer du å sjå meir av arkiva frå Jærmuseet?
Jærmuseet tek vare på ei rekke arkiv frå bedrifter, foreiningar og privatpersonar. Desse privatarkiva speglar museet sine samlingsområde: regional industri, landbruk og Jæren si historie. På nettsidene til Jærmuseet kan du sjå nokre av arkiva Jærmuseet tek vare på.


Ønskjer du å lese meir om arkivdagen?
Sjå her: https://www.arkivforbundet.no/2018/04/19/arkivdagen/

---

Order this image

Share to