Overblikk over noko av kyrkjekunsten som Ørsta stavkyrkje var utsmykka med.
Overblikk over noko av kyrkjekunsten som Ørsta stavkyrkje var utsmykka med.

Veggtiler med måla dekor frå Ørsta stavkyrkje

Hausten 2022 overtok Viti ei samling veggbord(tiler) frå Svendsengarden og Velle skule tilhøyrande Ørsta kommune. Desse Kjem frå Ørsta stavkyrkje som vart riven i 1864. Meir om overtakelsen og historia til kyrkja kan du lese her: https://www.vitimusea.no/kunnskap/veggbord-med-maala-dekor-fr%C3%A5-oersta-stavkyrkje

Dokumentasjonsarbeidet vart påbegynt vinteren 2024. Først og fremst for å få ei oversikt over kva denne samlinga består i. Men også for å tilgjengeleggjere den for vidare forsking og andre interesserte. Undervegs er det gjort fleire interessante observasjonar. Samlinga utgjer 183 enkeltdelar. Berre 8 er heile tiler, resten har vorte oppsaga i 4-5 delar. Nokre er også sprekt opp og delt seg i to. Her har vi funne dei som høyrer saman, men ein del manglar. Det er funne motiv på tiler som passar saman som er frå Velle skule og Svendsengården. Dette syner at der ikkje er gjort noko spesielt utval av eit heilt motiv då tilene tidlegare vart nytta for gjenbruk.

Mange av fjølene har lite malingsrestar igjen og ber sterkt preg av tida som har gått, men nokre har framleis klare fargar og konturar. Oppbevaringsforholda har nok vore veldig variert. Ei grundig konservering vil vere noko museet håpar å få midlar til i framtida. Mange av fjølene er sterkt prega av eit fint støv som bør fjernast varsamt.

På denne kløyvde tila ser ein tydeleg korleis dei varierte oppbevaringsforholda har prega dekoren. Dette er også eit av eksempla på arbeidet vi har hatt med å setje saman eit meir heilheitleg bilete av maleria. Foto: Mirjam Vikestrand
183 tiler vart målt, fotografert og pakka inn for langtidsoppbevaring. Foto: Mirjam Vikestrand
Ferdig innpakka tiler der dekoren no vil vere beskytta frå lys og andre påverknader. Foto: Mirjam Vikestrand

Kyrkjekunst frå 1699

I artikkelen det er lenkja til seiast det at dekoren/ kunsten er frå 1699 då stavkyrkja vart vidare utsmykka med veggmaleri. Hans Strøm skriv om kyrkja i annotasjonsboka si: «Kircken er overalt Malet med store Poseturer af Propheternes og Apostlernis Billeder, rundt om Veggene som Skilderier». Dette viser at denne samlinga ikkje er eitt stor veggmaleri, men sannsynlegvis delt opp i fleire. Det er funne tilsaman 5 figurar med hovud som han omtalar som «Poseturer af Propheternes og Apostlernis Billeder». Under dokumentasjonsarbeidet er det forsøkt å setje saman delar av desse figurane.

Figur 1 har eit kross forma som ein X slik apostelen Andreas ofte blir avbilda.
Figur 2 har truleg eit bismer sjølv om det ved første blikk kan likne på eit sverd. Kanskje er dette St. Mikael?
Figur 3 har ein kalk med kross i ei hand og truleg eit klede i den andre handa.
Figur 4 er usikkert om er riktig satt saman og malinga er utydeleg.

Veggtiler

Denne samlinga er også interessant frå eit handverksmessig perspektiv når det gjeld byggjestilen i stavkyrkjer. Veggtiler er dei ståande borda mellom stavane der borda er felt saman med not og fjør. Denne samlinga syner store variasjonar i bruken av not og fjør, høvla profiler, bredde på tilene, tjuknad og at tilene har ulik breidde i kvar ende.

4 forskjellige tiler som syner variasjonen av not og fjør i samlinga. Nokre med berre not, fjør, ein av kvar eller slette sider.
Her har tilene to motgåande fjør. Dette set spørsmålsteikn ved korleis tilene var felt saman.

Heile samlinga på Digitalt museum

Share to