History
-
- Heddal stavkyrkje er antakelig bygd på 1200-talet, og er den største av stavkyrkjene i Noreg. Sponkledningen og dei mange takflatene tak over tak er karakteristiske trekk som vi forbinder med stavkyrkjene, og dette gjev kyrkja eit autentisk uttrykk. Men i røynda er kyrkja sterkt ombygd. Ho har gjennomgått omfattande endringar i to omgangar sidan 1849, slik at det i dag ikkje er mykje att av middelalderstavkyrkja. Av det opphavlige materialet er det meste skifta ut, men hovudvolumet er stort sett som før ombyggingane. Både skip og kor har takryttarar, noko som er ulikt dei andre stavkyrkjene. Portalen er frå middelalderen og er rikt utskåren med rankar og dragar. Under ombygginga i 1849-51, som arkitekt Nebelong sto for, forsvann heile det tidlegare interiøret. Med den seinare restaureringen, som ble avslutta i 1955, søkte ein å gjenskape det tapte middelalderinteriøret, og dermed forsvann også Nebelongs kyrkjerom, som var prega av seinempire og nasjonalromantisk stil. I samband med dette store rekonstruksjonsarbeidet vart det avdekka fleire eldre veggdekorasjonar – figurfriser, ornament og draperidekor som i dag er synleg under veggdekoren frå 1660-talet. Altertavla er datert 1667, og krusifikset over korbogen er skåren av Dagfinn Werenskiold. Døypefonten er skåren ut av midtstolpen som sto i koret. Ein utskåren stolpestol og ein kyrkjebenk frå middelalderen er også bevart. Kjelder: Anker, Leif: De norske stavkirkene, Oslo 2005
Tid: 1200, 12. århundre (1101 - 1200)
Bygget: 1200
Kulturhistorisk merking
Automatisk fredet (før 1650) (B1)
Placement
- Notodden (Kommune) - Heddal sokn (05140201), Øvre Telemark prosti, Agder og Telemark bispedømme - Heddalsvegen 407, 3676
1 object
-
- TrossamfunnDen norske kirke
References
License information
- License Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen bearbeidelse (CC BY-NC-ND)
Metadata
-
Alternative name
- 080700101 - Bygningskode Kirkebyggdatabasen 2004
- 161 - Bygningsid Kirkebyggdatabasen 2008
- 84513-1 - Kulturminneid, Riksantikvaren
- 8536511 - Bygningsnummer Matrikkelen
- 3808-32/4 - Gnr Bnr
- Part of dataset Norske kirker
- Owner of dataset Hovedorganisasjonen KA
- Provider
- Date published February 23, 2024
- Date updated December 5, 2024
- UUID 8534783d-05a9-4f5d-ba0e-1c7e6cd223bc