History
-
- Mo kyrkje er ei lafta og utvendig panelt langkyrkje med tårn over våpenhuset i vest. Kyrkja vart oppførd i 1883 etter teikningar av byggmeister Johannes Øvsthus frå Hosanger. I 1981 vart det laga tilbygg for toalett på båe sider av tårnet og rullestolrampe ved arkitekt Einar Vårdal Lunde. Kyrkjerommet er treskipa med smalare kor. Over midtskipet og koret er det samanhengande tønnekvelv, medan sideskipa har flat himling. Fargane i kyrkjerommet er ikkje dei opphavlege, men er frå 1976-77, då kyrkja vart pussa opp innvendig ved Einar Vårdal Lunde. Samstundes vart veggene avluta, korskranken fjerna og kyrkjerommet fekk nye benker. Altartavla er frå 1893. Ramma er laga av brørne Hans og Ivar Moss frå Ølve etter tilvising frå Lars Osa. Biletet er måla av Lars Osa etter eit måleri av Plockhorst. Motivet er Jesus som går på vatnet og reddar den søkkjande Peter på Genesaret sjø. I koret heng også ei eldre altartavle frå 1612. Ho har eit sirkelrundt midtfelt med Fader vår i gullskrift på svart botn, omgjeve av laurbærkrans og dei fire evangelistane. Kjelder: Lidén, Hans-Emil og Vidar Trædal: Norges Kirker, Hordaland III, Oslo 2003 NIKUs kyrkjeregister
Tid: 1883, 19. århundre (1801 - 1900)
Bygget: 1883
Kulturhistorisk merking
Ingen vernestatus (E1)
Placement
- Modalen (Kommune) - Mo sokn (07070202), Nordhordland prosti, Bjørgvin bispedømme - Mo 24, 5729
-
- TrossamfunnDen norske kirke
References
License information
- License Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen bearbeidelse (CC BY-NC-ND)
Metadata
-
Alternative name
- 125200101 - Bygningskode Kirkebyggdatabasen 2004
- 2652 - Bygningsid Kirkebyggdatabasen 2008
- 175851569 - Bygningsnummer Matrikkelen
- 4629-76/43 - Gnr Bnr
- Part of datasetNorske kirker (Hovedorganisasjonen KA)
- Provider
- Date publishedFebruary 23, 2024
- Date updatedJuly 25, 2024
- UUIDc3905ba8-4acd-4d80-8b2c-abdf7f07736e