Ramstad Eskefabrikk vart grunnlagt på Ramstad i Angedalen i Førde 1949 av Alfred Ramstad. Ramstad Eskefabrikk var lenge den største norskeigde øskjefabrikken og hadde på det meste nærare 50 tilsette. Sonen Arne Ramstad (1955-1998) kom frå ungdomen av med i verksemda og vart adm. dir. i 1979. Då han døydde i 1998, overtok ektemaken Margunn Ramstad den daglege leiinga av fabrikken. I 2009 vart fabrikken seld til eit dansk firma og fekk namnet Schur Pack Norway AS., og året etter vart produksjonen lagt ned.

Share to