Nærbø kyrkje, som vart innvia i 2005, vart bygd då den gamle trekyrkja frå 1834 vart for lita for folketalet i kyrkjelyden. Kyrkja er teikna av Brandsberg-Dahls Arkitektkontor AS i ...
Nærbø kyrkje, som vart innvia i 2005, vart bygd då den gamle trekyrkja frå 1834 vart for lita for folketalet i kyrkjelyden. Kyrkja er teikna av Brandsberg-Dahls Arkitektkontor AS i Stavanger og er oppført i betong i eit moderne formspråk, med frittståande klokketårn framfor inngangen.
Kyrkjerommet har diagonal akse med koret i aust og inngangsparti i vest. Lyset slepp inn i kyrkjerommet i rikt monn gjennom samanhengande vertikale vindaugsband i veggane og horisontale lysspalter i opptrappingane i takflata.
Utsmykkinga i kyrkja er i hovudsak utført av Gunnar Torvund. I kyrkjerommet har han laga altertavla og i inngangspartiet eit lam i marmor og ein fisk i anortosittstein felt inn i golvet. I tillegg har han samarbeida med arkitektane om utforminga av alter, preikestol og døypefont. Altertavla består av fire delar. Nedste del er eit kraftig steinfundament, og over dette er det tre biletfelt over kvarande i blått: ein hage nedst, Krossfestinga i midten og Den heilage Ande i form av ei due øvst. Njærheimsteinen, med ein innrissa kross frå ca. år 1000, har fått plass på veggen i våpenhuset. Steinen reknast som eitt av dei eldste kristne symbola frå dette området.
Kjelder:
Hå kirkelige fellesråd: Nærbø kyrkje. Ein vegvisar i Jærkatedralen, Kleppe 2005