Share to
×
Museumssenteret i Hordaland (MUHO) har eit stort mangfald i samlingane. Vi har tradisjonelle samlingar av materielle og immaterielle kulturminne, men i tillegg har vi eit ansvar for å ta vare på og verne om kulturlandskap og kulturbiologiske system.
MUHO er eit museum for levande kultur-, natur- og industriarv, og eit kompetansemiljø for konservering og bygningsvern i Hordaland. Vi har avdelingar i Salhus, på Lygra, Radøy og Osterøy. Du finn oss i:
- Salhus, Bergen: Tekstilindustrimuseet, Bevaringstenestene og Kulturverntenesta i Nordhordland
- Osterøy: Osterøy museum og Havrå
- Alver: Lyngheisenteret og Vestnorsk utvandringssenter