Share to
Bli med på sildeflekking på Bataldebua og opplev historia om det store sildeeventyret i Kinn-distriktet.
Maximum attendees
30 elevar
Duration
2,5 timer
Time period
Uke 10 (tysdag-fredag), 11 (måndag, torsdag og fredag) og 12 (tysdag-fredag)
Cost
Free
Other info
Klassetrinn: 6. trinn Sted: Bataldebua, Kystmuseet i Sogn og Fjordane Opplegget foregår utandørs, og dei må vere kledd for sløying av fisk og søling med vatn. Dei vil kunne ete lunsjen sin rundt bålpanna. Ta gjerne med sitjeunderlag.
Competency goals
- 5. - 7. trinn: Mat og helse (MHE01-02), Samfunnsfag (SAF01-04) and Naturfag (NAT01-04)
På Bataldebua, ei gammal saltebu frå Batalden, vil elevane få ei innføring i historia om sildefiske i Kinn-distriktet. Her vil dei få kjennskap til "havets sølv" og silda si betydning for Florø og områda rundt. Ved å både flekke og henge opp sild vil dei få kjenne på kroppen korleis det var å jobbe på ei saltebu for 150 år sia.
I opplegget "Sildeflekking" skal elevane bli betre kjent med både historia om sildefiske i Kinn-distriktet og silda si betydning for byvekst og lokalbefolkning. I mindre grupper vil dei få omvising i fotoutstillinga "Det store sildeeventyret", møte ein gammal notbåt og få ein innføring i silda si biologi og vandringsmønster, før dei får prøve seg på flekking av sild slik dei gjorde på bua i gamle dagar. Dei vil også få høyre historia om ganejentene, og lære om kvinnene sin plass i sildefiske.
NB! Opplegget skjer utandørs, og dei må rekne med litt søl med både kaldt vatn og fiskeslo. Det er difor viktig at elevar og lærarar er kledd i varme og vatntette klede og sko.
Pedagogisk opplegg 1. Vi startar dagen samla rundt bålpanna. Her får dei programmet for dagen. 2. Elevane blir delt i to grupper som jobber parallelt. Del 1. Omvising med formidlar i utstillinga "Det store sildeeventyret". Del 2. Flekking av sild med formidlar. 3. Når begge gruppene har vore gjennom del 1 og 2 skal alle få henge opp silda på bualoftet. 4. Avslutning: grilling av silderogn og lunsj rundt bålpanna.
Silda skal henge til tørk på museet i nokre veker. Klassen vil få beskjed når den er klar og dei kan komme og hente han. Vi oppfordrar alle som deltar til å avslutte besøket med eit realt sildebord på skulen, der elevane får smake på det ferdige produktet.