Share to
Kva er identitet, og kva spelar inn i forming av den? Kva fridom hadde ungdom på slutten av 1800-talet til å forme sin eigen identitet?
Maximum attendees
30
Duration
1,5 time
Time period
Tirs.- fre. i vekene 11, 12, 13 og 14
Cost
Free
Other info
Vi er mykje ute i friluftmuseet, og det er difor viktig at alle kler seg etter været. Dei antikvariske husa kan også vere kalde. I friluftsmuseet og dei antikvariske husa er det begrensa tilgang for besøkande med funksjonsnedsetting. Vi kan legge til rette for tilkomst i Østenstadstova og skulestova. Gje oss beskjed i god tid om de treng tilrettelegging.
Competency goals
- 8. - 10. trinn: Samfunnsfag (SAF01-04) and Kulturarv (LKA01-02)
Museumsbuss for 9. trinn
Dette er eit tilbod til elevar på 9. trinn på skular i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, og klassen kan bestille gratis museumsbuss. Les meir om vilkår på denne sida
I dette opplegget blir elevane mellom anna kjende med 14 åringane Einar, Gudrun og Kristian. Dei tre veks opp som odelsgut, prestedotter og husmannsson på slutten av 1800-talet. Gjennom deira identitetar får elevane eit innblikk i levemåte og samfunn på sunnfjordbygdene, og elles i Noreg, på denne tida.
Pedagogisk gjennomføring:
Elevane blir med på ei omvising i friluftsmuseet. Vi besøkjer nokre av dei antikvariske husa som er innreidde, og som gjev eit godt inntrykk av bu- og levemåte på 1800-talet. Undervegs i reisa vår "møter" vi ungdom og vaksne gjennom ulike identitetar. Det er elevane sjølve som får utlevert rollene i form av navneskilt og ein lapp med meir informasjon. Reisa endar i skulestova. Elevane får spørsmål undervegs i opplegget, og blir utfordra til å tenke på sine eigne identitetar samanlikna med dei vi har møtt i omvisinga.