Share to

Catharine Hermine Kølle og Margaret Sophia Green Kvikne levde i ei tid då kvinner sjeldan fekk høve til å forme verda rundt seg. Likevel braut dei grenser – med fjellstøvlar, pensel og tru.
Catharine, prestedotter frå Snarøya, vandra gjennom Europa og Noreg med skisseblokk og dagbok. Ho dokumenterte landskap og bygningar med over 250 akvarellar og 1800 sider tekst – ein kulturskatt som i dag vert bevart ved Universitetsmuseet og Universitetsbiblioteket i Bergen.
Margaret, prestedotter frå England, kom til Balestrand etter å ha klatra i Alpane og norske fjell. Ho vart den første kvinna på Store Styggedalstind og gifta seg med Knut Kvikne. Etter hennar ynskje vart St. Olafs kyrkje reist – ei stavkyrkjeinspirert perle ved fjorden, eit symbol på hennar tru og kulturformidling.
Begge var pionerar i friluftsliv, kulturbyggarar og barrierebrytarar. Dei viste at kvinner kan vere både oppdagarar og formidlarar – med blikk for det vakre, det sanne og det varige.
Maximum attendees
30
Duration
2,5 timar
Time period
Haust 2025
Cost
Free
Competency goals
- 5. - 7. trinn: Samfunnsfag (SAF01-04) and Norsk (NOR01-06)
- 8. - 10. trinn: Samfunnsfag (SAF01-04), Norsk (NOR01-06), Grunnleggende norsk (NOR07-02) and KRLE (RLE01-03)

Felles trekk
• Eventyrlyst og reiselyst Begge var pionerar innan reise og friluftsliv. Margaret klatra i Alpane og vart første kvinne på Store Styggedalstind i 1888. Catharine gjekk til fots gjennom Europa og Noreg, og dokumenterte reisene sine med akvarellar og dagbøker.
• Sterke kvinner i mannsdominerte arenaer Margaret utfordra kjønnsrollene som fjellklatrar og hotellvertinne. Catharine reiste åleine som kvinne i ei tid då det var uvanleg, og vart omtala som «eit av desse skarpe, sterke Kvennfolk».
• Kulturelt og åndeleg engasjement Margaret var initiativtakar til bygginga av St. Olafs kyrkje i Balestrand, inspirert av norske stavkyrkjer. Catharine dokumenterte kultur og natur gjennom kunst og tekst, og etterlet seg ein stor kulturarv.
• Tilknyting til prestefamilie og Vestlandet Begge var prestedøtre – Margaret frå England, Catharine frå Snarøya – og fann sitt livsverk i Sogn og Hardanger.