Share to
Musea i Sogn og Fjordane (MISF) formidlar kultur- og kunsthistorie på 13 ulike arenaer, spreidd over heile regionen Sogn og Fjordane. På våre museum kan du lære om korleis folk i regionen har levd, arbeidd og budd, og du kan møte kunstverk av kjende kunstnarar. Sjå heimesidene våre for meir informasjon.
Om Musea i Sogn og Fjordane
Fleire sjølvstendige museum i tidlegare Sogn og Fjordane fylke vart slått saman og gjekk inn i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane 1. januar 2009. I Vestland fylke er vi eitt av tolv samanslåtte museum. Sidan etableringa i 2009 har nokon gått ut, andre har kome til stiftinga.
MISF er organisert i fire avdelingar på tvers av enkeltmusea. Slik får vi eit sterkt kompetansemiljø og god samhandling. Dei fire avdelingane er: avdeling for forsking og bevaring, avdeling for kulturhistorie, avdeling for kunst og avdeling for økonomi, administrasjon og drift.
Om arenaene
Nordfjord Folkemuseum på Sandane er regionmuseum for Nordfjord. Det driv òg arenaen Holvikejekta fom. juni 2025.
Kystmuseet i Sogn og Fjordane i Florø er regionmuseum for kystkommunane i Sogn og Fjordane. Det driv òg Vågsberget handelstad i Måløy.
Sunnfjord Museum i Movika ved Førde er regionmuseum for kommunane i Indre Sunnfjord.
De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum på Kaupanger er regionmuseum for kommunane i indre og midtre Sogn. Det driv òg Sogn Fjordmuseum.
Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand.
Kvernsteinsparken i Hyllestad.
Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde.
Astruptunet på Sanddalstrand på sørsida av Jølstravatnet.
Eikaasgalleriet på Ålhus på nordsida av Jølstravatnet.
Sogn Kunstsenter på Lærdalsøyri. Det vert drive av Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Lærdal kommune i samarbeid.