Bergens Museum – no Universitetsmuseet i Bergen – vart etablert i 1825. Heilt frå byrjinga av var intensjonen å auke kunnskapen om norsk natur- og kulturhistorie gjennom innsamling, bevaring og forsking. Museet var ein viktig del av grunnlaget for etableringa av Universitetet i Bergen i 1946, og er no ein integrert del av universitetet. Universitetsmuseet i Bergen har store og veksande samlingar av arkeologiske, etnografiske og nyare kulturhistoriske gjenstandar, samt botaniske, geologiske og zoologiske samlingar. Museet har to museumsbygg for henholdsvis Kultur- og Naturhistorie.

Visit us

Share to