Share to
Collections
VITI
Viti er regionmuseet for Sunnmøre og forvaltar kulturhistorie, kunst og ikkje-materiell kulturarv på vegne av samfunnet.
Anders Svor-museet
Anders Svor-museet ligg idyllisk til ved Hornindalsvatnet. Den arkitektteikna bygninga frå 1953, omgitt av ein vakker skulpturpark, er vigd bilethoggaren Anders Svor.
Brudavolltunet
Brudavolltunet er eit autentisk gardstun som er forholdsvis lite endra sidan første halvdel av 1800-talet. Tunet har eit våningshus med loft, ei kårstove med eldhus, eit stabbur, ei freda grindløde med fjøsar, eit truskarhjulhus med mura vassrenne og ei gardssmie.
Jugendstilsenteret og KUBE
Jugendstilsenteret og KUBE er eit kunstmuseum som ligg i hjartet av Ålesund sentrum. Museet har eit nasjonalt ansvar for jugendstilen og er kunstmuseet i Møre og Romsdal fylke.
Møbelmuseet
Møbelmuseet er eit dokumentasjonssenter for den norske møbelindustrien med blant anna eit rikhaldig bibliotek, kjeldeskrifter frå møbelbedrifter og eit bildearkiv. Her finn du også ei stor samling møblar og produksjonsutstyr som viser utviklinga av den møbelindustrielle produksjonen i Noreg frå forrige hundreårsskifte og fram til i dag.
Sivert Aarflot-museet
Ved Sivert Aarflot-museet tek vi vare på historia og arva etter Sivert Aarflot. For 200 år sidan etablerte han bygdenorge sitt første trykkeri på Ekset i Volda.
Sunnmøre Museum
Sunnmøre museum samlar inn materielle og immaterielle minne som særpregar vår region. Gjennom våre samlingar fortel vi om natur, liv og arbeid på Sunnmøre dei siste 10.000 år.
Sykkylven naturmuseum
Naturmuseet i Sykkylven tek vare på og fortel i si utstilling historia om mangfaldet i natur, dyre- og fugleliv i dei kystnære fjordane på Sunnmøre.