History
-
- D/S "Veslekari" var bygd av tre av Chr. Jensen skipsbyggeri, Asker, i 1918. Skuta var 125,1 fot lang, 27 fot brei og 14,2 fot djup, 282,86 bruttotonn og 154,26 nettotonn. "Veslekari" fekk innsett ei tostegs dampmaskin på 290 hk. produsert ved Skiens Verksteder A/S, Skien. I 1949 ble dampmaskina byttet ut med ein 600 hk. Crossleymotor. Litt seinare (etter 1952) fekk skuta nye dekkshus, og vart no målt til 310,26 bruttotonn og 103,90 nettotonn. M/S "Veslekari" ble i 1961 nedskrudd av isen ved New Foundland og forliste. Båtmodellen som står på Ishavsmuseet er bygd av Leiv Korshamn. Modellen vart påbegynt i 1952. Material var sveisetråd til spant, og mjølkeboksar, pølsespann og tinn til skroget. Overbygget er ikkje heilt som det var den gong, det er litt seinare blitt litt modernisert. Leiv var maskinist på "Veslekari". Seinare skiftet han skute, til "Polarbjørn", og seinare til "Melshorn". Modellen tok han med seg ombord i "Melshorn", der han i 1957 datt ned og vart noko øydelagd. Særlig gikk dette ut over gelender og galgedekk. Sidan har han brakt modellen med seg som "vrak", først til Sørumsand i 27 år, og sidan 12 år i Spangereid, Lindesnes. Så endelig etter 47 år er modellen fullført. Det er nok mange detaljer som ikkje er heilt som originalen, men alle båtar forandra seg med tida. Eg vonar at den kan vere til eit minne om ein båt som har vore med på litt av kvart. Spangereid, 30.08.1999. Leiv Korshamn, sign.
Produksjon
- ProdusentKorshamn, Leiv. 4510 Spangereid
Bruk
Modellbåt til bruk i utstillingEierskap
- Tidligere eier Korshamn, Leiv. 4510 Spangereidsikker
- Giver/siste eierKorshamn, Leiv. 4510 Spangereidsikker
- Gitt som gave tilIshavsmuseet Aarvaksikker
Annet
- FunnstedNorge Vest-Agder Sprangereid 4510 Spangereidantatt
Aksesjon: 1999 (Innlevert)
Classification
References
-
- LitteraturreferanseIshavsskuter III, Johan Ottesen, side 54 - 68.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier ISM.00934
- Part of collection Ishavsmuseet Aarvak
- Owner of collection Ishavsmuseet Aarvak
- Institution Ishavsmuseet Aarvak
- Date published October 15, 2014
- Date updated October 5, 2023
- DIMU-CODE 011025438851
- UUID 99a3231a-c27c-48b2-9b01-bf0844155a35
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».