History
-
-
"Polarstar" var bygd i stål ved James Lamont & Co., Ltd, Greenock and Port Glasgow, Skottland i 1948. Båten var 149,6 fot lang, 26,1 fot brei og 11,7 fot djup. Tonnasjen var på 423,60 bruttotonn og 149,48 nettotonn. Båten var bygg nr. 368 ved verftet, og fekk innsett ein 900 hk. Atlas dieselmotor fra 1946.
Aksjonærane som kontraherte "Polarstar", var Martin Karlsen, Peter Karlsen, Karl Karlsen og Kristoffer Marø. Rederiet blei først registrert som AS Polarfart, men vart i desember 1948 endra til "Polarstar", og fikk fiskerimerket M-14-HD.
"Polarstar" var siste gang på selfangst i Vesterisen for rederiet Martin Karlsen AS, 6062 Brandal i 1998. Etter dette fekk ikkje båten lenger godkjenning til slik fart, og vart deretter solgt til Jan Arve Jøsok og Olav Godø og overført til selskapet Atlantic Marine AS, Ålesund.
Det vart igongsett ein aksjon for å verne skuta for ettertida, frontet av Bjarne Brandal, Gursken, og i 2001 vart skuten seld frå Atlantic Marine AS, Ålesund til Bjarne Brandal, Gursken. Ved hjelp av stor dugnadsinnsats og tilskot greidde ein å få skuta i driftsklar stand på nytt.
I juli 2004 vart "Polarstar" overført til Star I Maritime AS, Gursken, og fekk nytt fiskerimerke til M-14-S. Aksjonærane i dette selskapet var Bjarne Brandal, Jarl Brandal og Lars Brandal.
"Polarstar" var no igjen på selfangst til Vesterisen i sesongane 2004 til og med 2007, men ligg no i opplag under nye eigerar.
-
Produksjon
- Produsent NN = Produsent ukjent sikker
- Production place Ukjent sted usikker
-
Bruk
Modellbåt til bruk i utstilling -
Eierskap
- Første eier NN = Navnet Ukjent usikker
- Eier A/S Polarfart, C/O Martin Karlsen, Brandal sikker
- Giver/siste eier Karlsen, Else. 6062 Brandal sikker
- Gitt som gave til Ishavsmuseet Aarvak sikker
-
Annet
- Funnsted Møre og Romsdal Hareid 6062 Brandal Kontorbygg, M.Karlsen A/S gnr/bnr 40.147.(Sjøstrand IV) antatt
-
Aksesjon - 2011 (Innlevert)
-
Classification
-
- Hobbyer (Outline) OU 523
References
-
- Litteraturreferanse Ishavsskuter II, Johan Ottesen, side 31 - 37.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier ISM.01507
- Part of collection Ishavsmuseet Aarvak
- Owner of collection Ishavsmuseet Aarvak
- Institution Ishavsmuseet Aarvak
- Date published October 15, 2014
- Date updated October 11, 2023
- DIMU-CODE 011025439347
- UUID 776ff689-0209-4b80-b226-c42c000527bb
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».