Photo: Mahlum, I. / Kunst i offentlige rom

Akershus festning, kommandantboligen

Kommandantboligen på Akershus festning er frå 1844, og blir rekna som eit av hovudverka innan romantisk arkitektur i Noreg. Sidan tusenårsskiftet har festninga vore gjennom ei stor restaurering, og i dag held Forsvaret si avdeling for kultur og tradisjon (FAKT) til her. Avdelinga har som oppgåve å ta vare på ein viktig del av historia til Forsvaret, den store samlinga av gjenstandar som faner, flagg, uniformer, køyretøy og våpen. Bygget stod ferdig restaurert i 2013, og det har vore eit ynske å få samtidskunst inn i dei ærverdige, gamle lokala.

Sidan 2007 har Morten Andenæs arbeidd med prosjektet Regarding the Middle Class, kor han mellom anna har undersøkt korleis arkitektur aktivt blir brukt for å fremme bestemte verdiar. Til kommandantboligen har Andenæs laga tolv fotografi, dei fleste bilete av ulike våpen henta frå samlinga.

Våpna han har valt ut, er ein type våpen som framleis er i bruk eller på annan måte opplevast som relevant også i våre dagar, som til dømes ein kalasjnikov. Fotografia er presise, tilsynelatande svært verkelegheitsnære, og vekkjer både nysgjerrigheit og ubehag i tilskodaren. Andenæs har i fleire av bileta fotografert våpna på ein måte som kan likne måten Forsvaret sjølv gjer det til katalogsidene sine.

Det største biletet heng i møterommet i tredje etasje og har tittelen Korridor, Ledelsesbygget. Den sentrale plasseringa i møterommet og storleiken på fotografiet skapar ein illusjon av ein fysisk portal inn til området kor leiinga held til, samtidig som gjenskinet i glaset skapar ei førestilling om noko ugjennomtrengjeleg. Slik blir fotografiet eit uttrykk for noko mange assosierer med det norske forsvaret; på den eine sida ynskjer dei å verke tilgjengelege, på den andre sida er mykje av verksemda deira – òg sjølve kommandantboligen – prega av løyndom.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to