• Dyrskuplassen med det originale fjoset få år etter at det vart sett opp i 1867.
    Photo: Vest-Telemark Museum

Dyrskuplassen med det originale fjoset få år etter at det vart sett opp i 1867.

2 comments

  • Dyrskuplassen med det originale fjoset få år etter at det vart sett opp i 1867. Flott bilde, men feil datering! Telemark Folkehøgskule under Viggo Ullmanns leiing blei fast etablert på Utgarden ytre (kvit bygning til høgre) i 1884. Ny stor bygning, som også skulle romme Seljord lærarseminar stod ferdig i 1890 (til venstre for den mindre bygningen vi ser). Bildet er altså frå eit år mellom 1884-1890, truleg frå 1885 eller 1886. Kunstnaren og fotografen Lars Osa var i Seljord i 1885 og tok fleire bilde her. Det kan vera han som har teke bildet. Ett anna moment kan vera at bygningen ser fin og nymåla ut - det er lite truleg frå 1884 ved oppstart. I 1888 blei den nye store bygningen påbegynt, men det drog litt ut , bl.a. på grunn av tømmer, som skulle laftast og ein vanskeleg økonomi. Ein dyktig tømrar, Torkjell Haraldsson Dalen, blei også engasjert frå 1889. Han var også ein kjent pioner i skisport på 1880-talet med mange premiar, til dømes i Husebybakken. Bygningen stod fyrst ferdig så han kunne takast i bruk hausten 1890. 1887 var eit kriseår for Ullmanns folkehøgskule. Bildet er ganske sikkert frå 1885 eller 1886.
  • "Dyrskuplassen med det originale fjoset få år etter at det vart sett opp i 1867." Flott bilde, men feil datering! Telemark Folkehøgskule under Viggo Ullmanns leiing blei fast etablert på Utgarden ytre (kvit bygning til høgre) i 1884. Ny stor bygning, som også skulle romme Seljord lærarseminar stod ferdig i 1890 (til venstre for den mindre bygningen vi ser). Bildet er altså frå eit år mellom 1884-1890, truleg frå 1885 eller 1886. Kunstnaren og fotografen Lars Osa var i Seljord i 1885 og tok fleire bilde her. Det kan vera han som har teke bildet. Eit anna moment kan vera at bygningen ser fin og nymåla ut - det er lite truleg frå 1884 ved oppstart. I 1888 blei den nye store bygningen påbegynt, men det drog litt ut , bl.a. på grunn av tømmer, som skulle laftast og ein vanskeleg økonomi. Ein dyktig tømrar, Torkjell Haraldsson Dalen, blei engasjert frå 1889. Han var også ein kjent pioner i skisport på 1880-talet med mange premiar, til dømes i Husebybakken. Bygningen stod fyrst ferdig så han kunne takast i bruk hausten 1890. 1887 var eit kriseår for Ullmanns folkehøgskule. Bildet er ganske sikkert frå 1885 eller 1886.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to