Photographer
History
-
Eierskap
- EierBagn Bygdesamling
- History
Bagn Bygdesamling
I 1920 vart det oppsett hus på tuftene etter gamletunet på garden Islandsmoen. Veslestabburet og Smettbakbua skulle danne utgangspunktet for det som seinare vart heitande Bagn Bygdesamling. Dei fyrste åra var dette eit privat gardsmuseum, der både hus og gjenstandar hadde tilknyting til folka på Islandsmoen. Etterkvart kom det til fleire gjenstandar frå andre stader i bygda, så då samlinga i 1939 vart gjeve til bygda var namnevalet naturleg.
Museet har i dag 16 hus med gardstun frå Islandsmoen, telthus frå Vangen på Bagn, og forpaktarbustad frå prestegarden i Bagn. Ei oppgangssag, bekkekvern, skogskoie, badstugu og stabbur står ved Islandselva. Sør for Islandselva fins ein naturstig med skogen som tema. Ei krigsminneutstilling i samband med krigshandlingane i Valdres 1940 er sett opp inne i administrasjonsbygningen. Opplandsarkivet har ei avdeling på museet med gamle arkiv frå lokale lag og foreiningar. Ei fotosamling på omlag 3500 bilete er òg oppbevara her. Bagn Bygdesamling ligg ved E-16, fem kilometer sør for Bagn sentrum i Sør-Aurdal kommune.
- Adresse,Norge Oppland Sør-Aurdal Valdres Valdresvegen 3250 2930 Bagn
- ProfessionMuseum
- DigitaltMuseumSearch in «Bagn Bygdesamling»
- History
Fotografering
- FotografNeste, Nils (1925 - 1997)tilskrevet
Relation
References
-
- LitteraturreferanseBagn kirkes historie, Johan Hveem, s. 113-115.
- LitteraturreferanseSøre Aurdal og Etnedalen : noko tilfang til ei bygdesoge um Valdres, s. 80-83.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Copies1 Positivkopi
- IdentifierBV 85-382
- Part of collectionBagn Bygdesamling
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionBagn Bygdesamling
- Date publishedJanuary 12, 2017
- Date updatedJune 13, 2023
- DIMU-CODE021016856527
- UUIDaf1b2da1-4728-488f-90a0-3788aaa923ee
- Tags
1 comment
I over 50 år var Ole Aas, eller Aasen som han også vart kalla, både kyrkjetenar og gravar ved kyrkja i Bagn. Han levde frå 1796 til 1878, og vart altså rundt 82 år gamal. Og med i denne spalta kjem han på grunn av kledningen sin.
Det er opplyst at far hans kom frå eit Tronrudeige – altså ein plass under Tronrud. Ole Aas var gift to gonger, og fekk fleire barn. Sonen Kristoffer overtok som kyrkjetenar og gravar etter han rundt 1870, men det ser ut til at mange i familien utvandra til Amerika på 1870-talet.
Prest Ole Larsen Kirkeberg har skrive om Ole Aas, og dette er gjengjeve både i boka «Søre Aurdal og Etnedalen» og i «Bagn kirkes historie», og der blir det fortalt at han brukte å koma inn i kykja med dåpsvatn i ein gamal koparkjele. Og det er truleg denne koparkjelen som er med på bildet av Ole Aas. Difor tolkar eg det slik at han framleis må ha vore i arbeid då bildet av han vart teke, og då er me kanskje på slutten av 1860-talet.
Ole Kirkeberg har beskrive kleda hans slik: «Naar gamle Aasen var iført sin søndagsdragt hadde han sort flat klædeslue, sort vadmelstrøie med store messingknapper, hvergarns vest med blanke metalknapper, sorte vadmelsknæbukser, hvide strømper og røde strømpebaand med store dusker ut til sidene og sko med metalspænder. Han var høi og før av vekst og hadde langt fyldig graat haar der hang ham ned paa skuldrene, han var ringer og graver paa Bagn, og han holdt kirken og kommunestuen i orden. Der blev takt i slagene naar han ringte; ingen gjorde det bedre end han. Naar under gudstjenesten daapssalmen blev sunget, kom gamle Aasen stille og rolig ind ad kordøren med en gammeldags kobberkjel i den ene hannd og sin flate hue i den anden og heldte vand i døpefatet.»
Når Kirkeberg skreiv at vesten var «hvergarns», så har det vorte tolka til å vera ein vest av verken.
Ser me på bildet av Ole, så meiner eg luva han held i den venstre handa er det som blir kalla ei talikluve (altså ei tellerken-luve). Det er forma som har gjeve luva namn; det er ei lita luve med rund og flat pull, og med ein liten brem framme.
Elles er det vel ei ganske typisk sjartetrøye som Ole har på seg på bildet. Det er ei trøye med side flak bak, og som er mykje kortare framme. Langs framkanten er det rekkjer med sju knappar og utanfor den ein fløyelskant. Trøya har kanteband ved ermeopningane og bryningar på ermetoppen. Og sjølv om det ikkje er synleg, så er det truleg ein ståande og fløyelsprydd krage på trøya. Kirkeberg skriv at trøya er svart.
Han skriv også at Ole Aas hadde verkensvest, og det kan stemme med bildet. Dette er ein dobbeltspent rutavest med fem knappepar. Vestestoffet er ikkje trådrett klypt i framkant, men litt skråstilt utover mot akslene. Vesten har nedbretta slag, og truleg ståande krag. Vesten er halvsid.
Å bruke knebrok på 1860-talet er eit alderdommeleg trekk – noko også sjartetrøya eigentleg er. Broka har truleg smal klaff, fem knappar ved kvart kne, og rund spenne til å stramme ved kneet. Kirkeberg skriv at Ole hadde kvite sokkar, men dei på bildet ser ut til å vera ein del mørkare med vrang- og rett-strikking, som gjev ein vertikal stripeeffekt.
Helge Gidheim, June 13, 2023
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».