Manilamøbler; lett lenestol, blomsterhylle, glassbord og aviskorg.
Lett lenestol og rundt glassbord.
Produsert av Slettvoll.
Foto og produksjonsår: 1957.
Slettvoll AS.
Hans Slettvoll arbeidde hos møbelprodusenten P.I. Langlo fram til 1951. Då sk ...
Lett lenestol og rundt glassbord.
Produsert av Slettvoll.
Foto og produksjonsår: 1957.
Slettvoll AS.
Hans Slettvoll arbeidde hos møbelprodusenten P.I. Langlo fram til 1951. Då skipa han si eiga bedrift som leverte handlekorger, babykorger, dokkevogner og klepiskar. Hans Slettvoll bygde opp bedrifta si til ein leiande produsent av manilamøblar og fekk etter kvart ein stab med dyktige medarbeidarar på Stranda. Bedrifta gjekk etter kvart saman med Sykkylvsbedrifta Hole & Lillebøe og Torill Slettvoll tok over leiinga i selskapet. Etter kvart braut Slettvoll med kjedene og utvikla sin eigen distribusjon. Bedrifta har sidan den gong vore i god vekst og leverer møblar og tekstilar gjennom eit tjuetal butikkar over heile landet.
Veneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter tok initiativ til å sikre fotoarkivet etter fotograf P.P.Lyshol, som hadde sitt virke i Sykkylven frå 1930-åra. Den vart kjøpt opp av Veneforeininga og gitt til Norsk Møbelfaglig Senter som no er juridisk eigar.