• Portrettfoto av Ola Setrom (1895-1946). Setrom var lærar og forfattar. Den fyrste diktsamlinga kom ut i 1926 med namnet "Blåhøsongann". Hovudverket var ein trilogi mellom 1937 og 1939, der Setrom skildrar ei norsk bygd på slutten av 1800-talet. I den siste romanen "Der straumane møtest" kjem det kritikk mot åndstvang og pietisme. Fotografen er ukjend.

Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.

Kjelde:
https://www.allkunne.no/framside/biografiar/s/ola-setrom/102/9799/ (Lesedato: 23.04.2020)
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Ola Setrom

1 comment

  • Fotoet er datert 1935-55, men sjekk omtalen av personen, der det står at han døydde i 1946. Fotoet kan følgjeleg ikkje vere nyare.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to