• Fotografi av bautaen i Aarflot-tunet. Dette var heimen til Sivert og Berte Kanutte Aarflot. Sivert Aarflot (1759-1817) var bonde, lensmann, trykkjerieigar og folkeopplysingsmann, medan dottera Berte Kanutte (1795-1859) vart ein kjend salmediktar. I graset ved bautaen sit ein ung gut. Fotografen er Lystad, Ørsta.

Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Aarflot-bautaen

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to