History
-
Kniven er ikkje stempla, men vert vurdert som eit sikkert arbeid av Halvor Teigen (1818-1910). Vurderinga er gjort av Arne Martin Solbjør, Dag Rorgemoen m.fl.
Utskore skaft truleg i buksbom.
Slire bukkehorn med roseskurd på både fram- og bakside.
Smale sylvholkar er originale, men skadde. Blad ikkje originalt, og utskifting/reparasjon er ikkje gjort av kyndig. Svært enkelt utført med bruk av ukjend lim/støypemiddel. Også sprekk bak på slira er forsøkt limt med same limet.
Vidare datering/proveniens vurdert som sikker: Kniven er laga mellom 1850 og 1861, etter at Teigen byrja på treskjararverkstaden til de Conninck i Kristiania og før fyrste eigar Olav Gunnarsson Geitestad/Tortveit/Thortvedt (1829-1908) utvandra frå Fyresdal i 1861.
Olav G. Thortvedt med familie utvandra fyrst til Houston MN, og budde der til 1870. Då vidareemigrerte dei til Red River Valley og var mellom dei fyrste busetjarane i dette området. Thortvedt-familien rydda og bygde opp Thortvedt farm, som vart eit sosialt og kulturelt sentrum for dei mange norske busetjarane i området. Dei var svært oppteken av utvandrarhistoria, banda til Fyresdal og slekt, og tok vel vare på dei gjenstandane som dei hadde hatt med seg. Sonen Levi (1860-1936) overtok farmen, og etter han og kona Ingeborg Midgarden (1859-1936) budde og dreiv dei ugifte borna deira vidare. I samband med dokumentasjonsprosjektet Red River Girl (ref. boka) var VTM på farmen i 2019. Den hadde stått ubebudd då i fleire år, men lite og ikkje var endra sidan siste generasjon døydde ut. No er garden seld, men museet i Moorehead, Historical and Cultural Society og Clay County har ein brei dokumentasjon av livet på garden gjennom arkiv, kunstnarlege arbeid og gjenstandar.
Produksjon - Produsert: 1850 - 1861
Kniv og slir laga av Halvor TeigenEierskap
Siste eigar i USA: Linda Hedstrøm, Minneapolis, USA Siste eigar/seljar til museet: Olav Skræi
Relation
-
Object/Work – Components2 related objects
- ThingKniv (LB.11218-1)
- ThingSlire (LB.11218-2)
Classification
License information
Metadata
- IdentifierLB.11218
- Part of collectionVTM Eidsborg
- Owner of collectionVTM Eidsborg
- InstitutionVest-Telemark Museum
- Date publishedApril 14, 2022
- Date updatedApril 14, 2022
- DIMU-CODE0210211636324
- UUIDbf46c59f-f5b7-4a39-8d52-34b7e8bd7611
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».