• Tidleg på 1850-talet kom fruktutstillingar eller hagebruksutstillingar i gang i Norge. Dette var eit ledd i å få opp interessa for hagebruket i landet vårt. Utstillingane var etter modell frå England, Tyskland og Frankrike, og den første tida blei det lagt stor vekt på å vise dyrking av matnyttige vekstar. Frukter og særleg fruktsortar fekk ein stor plass, men også grønsaker. Elles var bær, planteskoleprodukt, typar av vin og tørka produkt med. Også handverk kunne vera med på slike utstillingar. Gjennom utstillingar skulle impulsar utafrå vere med på å få fart i hagebruket som næring. Hagebruket kunne gje norsk landbruk eit ekstra bein å stå på.

Det var ikkje berre hagebruket som fekk sine utstillingar midt på 1800 talet. Mest kjende var fesjåa der både storfe og småfe blei kåra, og hesten blei kyndig vurdert.

Dei mange utstillingane engasjerte, og konkurranseinstinktet kom fram mellom produsentane og mellom landsdelane. Den første tida var det aller viktigaste å stimulere fruktdyrkarane til å bli dyktigare i sin produksjon. Etter kvart kom aspektet med marknadsføring meir inn i biletet. Reklame og å informere forbrukarane kom også tidleg inn som moment for utstillingane, og dei siste utstillingane var i stort mun retta mot forbrukaren. Hagebruks-utstillingar eller fruktutstillingar heldt fram til utpå 1960-talet, kanskje lengre, men forma endra seg med tida.
    Photo: Vitenparken Campus Ås

NLM.53210

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to