History
-
Første skulebygninga i Norddal vart bygd alt i 1844. Fram til 1860 var omgangsskulen den dominerande skuleforma, der læraren gjekk frå grend til grend og samla borna frå dei næraste gardane i ei av bondestovene for nokre veker med undervisning kvart år. Skulelova av 1860 kravde at det vart slutt på omgangsskulen, og at det skulle byggast nye skulehus i alle bygder. Då hadde det alt vore skulehus i Norddal i 16 år.
På 1880-talet auka behovet for meir plass, og det vart vedteke at det skulle reisast eit nytt skulehus i Norddal. Den nye skulen vart plassert på ei tomt om lag midt i bygda, på garden Fremste Dunavollen. I bygda vart skulen difor kalla «Dunavollskulen».
Lokale arbeidarar forma og bygde skulen, etter kjende normer: eitt klasserom på om lag 30 m2, og eitt lærarrom/kammers med lager og bokskap. Loftet vart nytta som lager. I klasserommet stod ein stor vedomn, og bygdefolket sørga for ved til skulen på dugnad. Den første tida var skulen utan innlagt vatn, det måtte hentast på nabogarden. Skulen hadde eit uteområde til leik og annan aktivitet, og med frukttre.
Dunavollskulen var i bruk fram til 1971.Oppføring: 1889
- BruksstedNorge Møre og Romsdal Norddal Dunavollensikker
Aksesjon: 1972
Gjenoppføring: 1978 - 1979
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierSM.040
- Part of collectionSunnmøre museum
- Owner of collectionStiftinga Viti
- InstitutionSunnmøre Museum
- Date publishedJune 28, 2024
- Date updatedJune 29, 2024
- DIMU-CODE0210514561967
- UUID28691abb-8ea1-4488-86b3-909b60a09334
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».