History
-
- Inne i dei fjordbygdene på Sunnmøre der det var kyrkjestad, var der oftast også kyrkjebuer. Bøndene som hadde lang reiseveg til kyrkja fekk sett seg opp eit lite hus, ofte med ein liten stall i bakkant. Her hadde dei mellombels lagringsplass for varer som skulle fraktast vidare, og her skifta dei klede og åt ved kyrkjeferd og ved tingmøte. Slik har det vore sidan mellomalderen. Området rundt kyrkja vart kalla allmenning, med ein felles eigedomsrett og bruksrett til grunnen. Gardane hadde hevd på grunnen buene stod på. Før dei vart flytta til museet i 1938, stod desse fem kyrkjebuene ved Stranda kyrkje. 8. januar 1731 rasa fjellpartiet Rammerfjellet (Skafjellet) i fjorden, og skapte ei flodbølge som øydela alt i strandsona på Stranda. Kyrkja, kyrkjebuene og nausta som stod på Sløgstad forsvann. Få år etter raset vart ei ny kyrkje reist, og nye kyrkjebuer vart sett opp. Det var kring 60 slike kyrkjebuer på Stranda. Dei var då sett opp slik at det vart danna gater mellom buene, som kunne minne om ein byaktig struktur. Slike bygningar fanst også andre stadar i den indre delen av Sunnmøre, som i Stordalen og på Sylte i Valldal. I Valldalen vart dette omtala som «Budabyen».
Aksesjon: 1938 (Korrespondanse i husarkiv.)
Oppføring: 1941 - 1943
Flytting - Intern flytting på Sunnmøre museum: 2019 - 2020
Nyårsaftan 2019 vart denne kyrkjebua stormskada då eit tre fall over den. Då huset skulle reparerast valde ein samtidig å flytte det til noverande stad. Dette vart gjort både av omsyn til bygningane, som stod for tett, og for å rekonstruere ein del av strukturen som var opprinneleg på Stranda med "gateløp" mellom bygningane.Oppføring: 1731 (8. januar 1731 rasa fjellpartiet Rammerfjellet (Skafjellet) i fjorden, og skapte ei flodbølge som øydela alt i strandsona på Stranda. Kyrkja, kyrkjebuene og nausta som stod på Sløgstad forsvann. Kyrkjebuene som er ved museet er difor sett opp etter 1731.)
- BruksstedNorge Møre og Romsdal Stranda Sløgstadsikker
Classification
-
- Varelagring (Outline)OU 488
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier SM.023
- Part of collection Sunnmøre museum
- Owner of collection Stiftinga Viti
- Institution Sunnmøre Museum
- Date published August 27, 2024
- Date updated June 26, 2025
- DIMU-CODE 0210514604279
- UUID bdb4f9da-daff-4fe1-8d38-bbb0fc8d5057
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».