Part of exhibition
History
-
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (2012):
"Stove frå Midtre Tvengji, gnr. 44, bnr. 4, i Vestre Slidre. Truleg frå ikring 1650. Midtre Tvengji var opphavleg husmannsplass under Prestegarden i Vestre Slidre. Det var etter måten ein stor plass. På midten av 1800-talet dreiv folket her med persing, det vil seia pressing av vadmålsklede. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1954."
Anne Marit Noraker: I folketeljinga frå 1865 går det fram at det på 0021 Tvengepladsen budde 7 personar i huset; Eit husmannspar med 2 forsørga via fattigvesenetet (ein 40-åring mann og eit 8-årig jente), ein losjerande snikkar, og ei enke med ein 3-årig son). https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038075001536
Frå Knut Hermundstads handskrevne Husbok for Valdres Folkemuseum (1950-talet):
"V.F. kjøpte Tvengjistogo av Knut O. Snortheim, som hadde kjøpt Tvengjiplassen, ein husmannsplass som hadde lege under V. Slidre prestegard. Han fekk kr. 800,- for stogo. Ein kjøpte ho 1953. Ho vart sett oppatt 1954. Huset er truleg frå 1650 åri. Dei to små glasi på langsidane er truleg av dei fyrste glas som vart nytta. Dei hadde berre 4 små grøne rutor. Dei to glasi i raustet er truleg frå seinare tid, og påsette då huset ei tid vart nytta til persehus. Truleg har det her og vore små glas, slik som sidevegglasi. Døri til kleven var borte. Merk den høge, nedslitte dørstokken. Golvplankane var pinna fast til årene. (...) Huset er 6,2 m l og 4,70 m br. Det er av den eldste hustype som finst i Valdres. Sjølve tømringi vitnar om høg aldrer. Det same gjeld utdøri. Merk den primitive kjelleren eller larren som sa i V.S. På veggen mot larren er det skore inn med kunstfulle bokstavar: Gud La De OS Leve Fornøyeleg 1828? Om huset er det elles opplyst dette: Dei gamle kalla heimen berre Plassen. Den eldste ein veit om har vore Alf Plassen g.m. ei Ambjørg. Dette var husmannsfolk då presten Winsnes kom til Slidre i 1852. Alf var så svær til å stelle i hagen på prestegarden. Han svara plassleiga med hagearbeid. Då Alf døyde barnlaus kjøpte Jon Hamre Tvengjisplassen til sjølveigarbruk, truleg i 1880. Han tok til med persing i stoga. Kona hans heitte Turi. Eit av borni, Turi g.m. Ola Tvengji frå plassen Øvre Tvengji, tok over plassen, då Jon døydde. Då var det vorte dårleg tak på den gamle stogo. Fru Arup, kona åt presten i Slidre då, sa til Ola at han måtte byggje sperretak slik som før, og det vart gjort. Ola heldt fram med persingi i stoga til 1914 omlag. Peisen i stoga var riven og kaste ned, då museet fekk tak i ho. Han sto i kråi til venstre for utdøri. Knut Ødegård frå V. Slidre, no i USA, gav kr 1.000,- til reising av dette huset. (...)" Anmerkning ved Andris Hamre og Gunnar Rudie: "Kjøpesummen for Tvengjestogo - kr 800,- - er den 10. juli 1969 betalt attende av Knut Snortheim. Stova står såleis no som gåve frå Sigrid og Knut Snortheim."
Frå arkitekt MNAL K. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"Tvengjestova frå Vestre Slidre har vore jordstove. Dvs. grunnmuren var vidare enn huset og med jordvoll utanfor. Mest alle raustehus i Nord-Valdres var jordstover. Taket er her og sperretak med mønsås og langsgåande vaglåsar. Sermerkt er veggen mellom stova og klæven. Nede ligg ei golvsvill og i overkant av dør i heile rombreidda ligg ei toppsvill. Ståande fint profilert panel er nota inn i desse svillene. Døropninga er avgrensa av omlag 2'' x 7'' stenderar. Over klæven er det inngang med hjell med inngang frå stovesida. Dette er ei svært uvanleg løysing. Det er rundtømmer innvendig og utvendig. Utvendig er nokre av stokkane flattelgde. Nova er svakt skrådd hestehovudnovud."
Knut Hermundstad: "Mannshandverkarar i Vestre Slidre" i Valdres Bygdebok 5 del 1, s. 636: "Jon Knutston Hamre tå Vestre Hauge (f. 1817) var god plogsmed. Han var bror til Erik i Holden (f. 1810) og Knut Vestre Hauge (f. 1802). Men sume av plogane hans gjekk så tungt at dei kalla dei marasprengjo, men mange var svært gode. Dei siste åri han levde, slutta han med smiing og vart fargar og persar. Persa si hadde han fyrst på Hamre, der han budde ei tid. Så kjøpte han nedre Tvengjisplassen ikr. 1890. Der tok han gamlestogo til perse og fargeri. Denne stoga er svært gamal. Ho står nå på Valdres Folkemuseum. Jon døydde 1900."
Norsk Folkemuseum har fleire bilete frå Tvengjistogo før ho vart flytt, fotografen var Leif Løchen. Søk etter Midtre Tvenge på Digitaltmuseum.no.
ENGLISH:
Cabin from Mid Tvengji: Cabin from Middle Tvengji in Vestre Slidre, probably from around 1650, rebuilt at the museum in 1954. Originally a cotter’s farm under the Vicar’s farm in Vestre Slidre, it was fairly large. From about 1850 the cabin was used as a place for pressing homespun or frieze cloth. This type of cloth was used for work clothes at the time.
FRANÇAIS:
Maison de Midtre Tvengi (Tvengi central): Maison de Midtre Tvengi (Tvengi central), à Vestre Slidre. Datant probablement de 1650, environ. Midtre Tvengi était à l’origine une ferme de tenancier dépendant du presbytère de Vestre Slidre. La ferme tenancière était relativement grande. Au milieu du 19ème siècle, les gens de la ferme tenaient une presse pour les vêtements de bure. La maison a été reconstruite à Valdres Folkemuseum en 1954.
Oppføring: 1650
Gjenoppføring: 1954
Aksesjon: 1952
- Giver/siste eierSnortheim, Knut O. (1907 - 1986)
- DigitaltMuseumSearch in «Snortheim, Knut O.»
Relation
Classification
-
- Bygninger (Outline)OU 340
Placement
References
-
- LitteraturreferanseK. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.059
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedNovember 27, 2015
- Date updatedNovember 1, 2023
- DIMU-CODE021056020618
- UUID44928ea1-6e88-42cc-89d4-5d3bd4f636e3
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».