History
-
-
Stallen er er ei gåve frå eigaren Kjetil G. Solheim.
Namnet til Halvor K. Solheim, f. 1781,med årstalet 1826 er innskore på loka. men det er truleg ikkje han som har bygd stallen. (Sjå nedunder or gamalt skiftebrev.)
Stallen har vore nytta til hestehald. Han var tekt med gvåv, seinare delvis med bord. Veggen i stallromet er av furu, trevet ( 2. høgda ) av gran. Trevet var nytta til høyrom, og hadde dør upp mot bakken. På trevsgolvet var det moldfyll.og på ei sperre står årstalet 1856.
I stallen var to spiltaug og to krubber med plankevegg
(-benk ) imellom. Over kvar krubbe var glugg i veggen til utlufting. Desse vart dytta i kulda. På utsida var det krokar av tre på kvar side av døra til å hengje selane på. Desse vende helst frå sola, so selane ikkje skulle ta skade.
Over døra på innsida var hjell til å ha ymse reiskap til hesteskoning på: hamar, tong, hesteskosaum og rasp eller bryne. Døra til stallen vende mot gardstunet. Bekken til hestevatn låg nær stallen. Gjødsla vart teken ut døra gjennom glugg i veggen.
Det var innskore K.H.S. Dette var sonen til Halvor, Kittil f. 1817. Stallen har stått på same stad sidan han vart bygd. Trevet vart nytta til sengeplass om sommaren. (Fyrst i onnetida.)
Grannen, Ketil T. Solheim f. 1882, har fortalt om hestane som har stått på denne stallen sidan 1890: Den fyrste var ein muset hest, kjøpt hjå T.Hytta i Sauland. Denne køyrde dei med då Gro Søre Skogheim, mor til skreddar Hans Tjønn, vart gift til Tjønn i 1889. Far til K.T. Solheim køyrde endå den gongen. Han fortalde det skjedde eit uhell med granshering som fekk brote av foten i hjulet til giggen under dette gjestebodet.
Den musete hesten vart seinare bytt bort i ein brun hest
(- klapphingst) Denne vart bytt bortatt i ei gråborket hoppe som dei hadde til ho vart utlevd.
Deretter kjøpte dei ei brun hoppe på Bekkhus i Sauland omkring 1900. Ho fekk øydelagt foten under brøyting i Aasbrekkun. Av denne hoppa fekk dei eit borket føll som voks til ein vedgjeten stor og sterk hest som bar namnet: Sud-Solem-Borken. Den same Borken slost nord på Bekkestul med ein hest åt Leiv Torbjørnsen, fortalde K.T.S . Borken vart seld til K. Bergstuen i 1918. So kjøpte dei att ein brun hest på Jore i Gransherad som fekk namnet Jorebrun. Sidan hadde dei ei brun hoppe nokre år og deretter ei blakk ei, den som er på Sud-Solheim no og som er bilete av,
(skrive 1963).
Alle dei nemde hestane har i tur og orden hatt sitt tilhald i denne stallen, saman med mange fleire før denne tid.
Dei hadde ikkje meir enn ein hest om gongen. Kunne høve dei hadde eit føll attåt.
Fødsla var til vanleg fire gonger mat om dagen av godt gards- eller sæterhøy. Som kraftfôr brukte dei byggavfall ”Skyli” av kornet dei mol.
Or eit gamalt skiftebrev etter Kittil Halvorsen, dat. 21.aug. 1801, finn ein fylgjande om hest og stall: 1 muset hest, 11 år gammel som efter dens ifundne føres til indtekt med 15
(riksdaler). Videre: Påstående Huusebygninger, bestående af en skorstenstue med fornødne indretninger, nemlig vinduer, skaber, sengestæder, bord og benker. Et eldhus, stolpebur, Love, Løde, hestefald, fæhuuse o.s.v
Etter dette må ein helst gå utifrå at den her nemde stallen er den same somm står på Bygdetunet. Då er han i tilfelle bygd føre halvor Solheims tid og mogeleg av faren Kittil Halvorsen som truleg ogs å var tømmermann.
Stallen på garden var eit verdifullt hus på mange måtar og vart halden i akt og ære. Etter byggemåten til dette huset å døme er det visseleg ei etterlikning av stabbursloftet. Ein har dei same utdregne stokkane til andre høgda ( - trevet) som i stabbursloftet, berre i mindre grad.
(Informasjon etter O.J. Rui/hentet fra tidligere museum aust)
-
Classification
-
- Bygninger OUE 340
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier TUB BYGG 006
- Part of collection Tuddal bygdetun
- Owner of collection Tuddal bygdetun
- Institution Norsk Industriarbeidermuseum
- Date published October 6, 2020
- Date updated November 3, 2020
- DIMU-CODE 021058790652
- UUID df3889fc-7294-426e-a0fa-b359a5e3aa03
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».