History
-
Er også frå Nord-Reisjå ( Nistugu) gnr. 111, bnr. 1. Det er ikkje stort å finne ut om låven, for her er heller lite med årstal og namn. På ”briken” er innskore 1841, men ikkje namn. Det kan gjerne vere han er bygd omkring denne tid. Det var på den tid Timbermann` dreiv på. Han har soleis bygt låven på Rue i 1845. Byggemåte, laftehogg og desse hengeskålane kan peike i denne leid.
Men der er visse andre ting, især formen, som ikkje liknar han. Låven er større enn vanleg i bygda og av gildt virke.
På døra står eit namn: F.K.S.R ( ikkje årstal.) Det er Folkvard Kittelsen Reisjå, som var eigar av garden og vel har kosta låven. Han var son til Folkvard Kittilsen som har namn på loftet og sikkert har ått det heile før det blei delt.
Soneson hans, Kittil, var eigar av Søndre Reisjå, gnr. 110, bnr.3, medan broren Ole fekk det der nord, Nistugu. Sonen Torkel hadde altso Uppistugu.
Låven er elles av det vanlege slaget. Med høyrom og kønnrom. Det var gjerne noko større. Også kalla høybrót og kønnbrót. ” Brikjin” er tverrveggene til treskjelåven. Denne har golv av støe, kløyvde flak. Dei stod der og banka med flygilen om vintrane. Kasta med skovl og ”gjorde ta låven” – rensa og gjorde ferdig kornet. På brikjin sette dei ofte risp for kvart kvartel og eit litt lenger risp for kvar tonne dei gjorde ferdig. Elles skar dei inn namna sine eller teikna hestar – symbolet på å dyrke jorda.
Under treskjelåven var ”ondelåven” til å ha godhøy i. Lo-golva var også av kløyvde flak.
So var det skålar på kvar side av låvebrua med dører inn – til høy eller halm – og låveskuten imellom. Det var to dørere inn under dei to hengjeskålane. Låven vart innkjøpt til Bygdetunet av Dahl, for kr. 1.500,-. Då fekk dei to tylvter furutømmer attpå kjøpet. Det var på same tid dei kjøpte loftet.
Her er ein løgleg replikk etter Ole Folkvardsen f. 1834:
Dei sat i eit lystig lag nede i bygda og kytte mot kvarandre. Dei her nede kytte av den svære skogen sin i drygaste laget. – Ja, det he vel ikkje stort søå imot skogen der uppi. Der he med måls bruk i kvisten, svara Ole ( Måls bruk: 2 til 300 liter i kvar stokk.)
(Informasjon etter O.J. Rui/hentet fra tidligere museum aust)
Classification
-
- BygningerOUE 340
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierTUB BYGG 007
- Part of collectionTuddal bygdetun
- Owner of collectionTuddal bygdetun
- InstitutionNorsk Industriarbeidermuseum
- Date publishedOctober 6, 2020
- Date updatedNovember 3, 2020
- DIMU-CODE021058790653
- UUID5c0940fa-84b4-4524-b9a3-6ade358fd656
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».