History
-
Museumslaget har fått fjoset på Hogstul, gnr. 88 bnr. 1, som gåve av eigarene Torstein og Kjetil Hogstul. Denne garden blir og kalla "Myljomgarden". Fjoset er ein eldgamal bygning som ikkje er råd å tidfeste. Men me har halde oss til det eigarane fortel og som har blivi dei fortalt:
For om lag 100 år sidan var det under reparasjon. Halvor Øygarden (av Timbermanns ætt) , Ole Øyen f. 1814, Nils Espelien f. 1819 la ny taktro og næver og jord. Dei sa ved høvet at etter det dei hadde hørt var det ut imot 300 år den gong. Etter dette skulle det vere bygt omkring 1600, og er då millom 3 – 400 år. Det blir då det eldste huset på Bygdetunet.
Kven har bygt det, veit me ikkje. Men det har vore ein god byggar som har halde sitt eggjarn i orden ( jamf. Fjoset på nord-Hogstul) Det er kanskje frå same tid og av same meister.
Virket er truleg hogge i furuåsane vestan Kova. Det er av svære dimensjonar – fire gvarv i høgda. Her er vegger på inntil 65-70 cm. Og tykkjest merkeleg urørt av århundradene dei ha bak seg.
Fjoset er stort, etter den tids forhold, kring 7m langt og 5,5 m breit. Døra vende mot vest. Det er bygt inn i eit midtraust til støtte og avstiving. Der var inntil 6 båsar på kvar side – dei var tømra av 5 toms stokkar og gamle ”Liaren”, Hagen gjorde arbeidet.
Som sagt, var det never- og torvtak med eit luftehol midt på mot mønsåsen. Telgd tro, raftar med sjølvvoksen rotkrok. Torvvolar av feitfuru og breie vindskier med innskoren modell på utskotet. Raustene var i seinare tid uppstøtta med svære strekkfiskar med skruveboltar igjenom. I kvart raust var glugg til utlufting.
Gjødsla måka dei ned i golvet. Dei hadde sett tjørukrossar i åsane – ein over kvar bås – attpå var det hogge inn knivar til vern mot vonde makter som det i den tid yrde og krydde av både i folkebustader og krøterhus.
Til vanleg hadde dei ”leikanband” til å binde dyra med: to-tre lekker med veggspenil og bøygd briskeklave til halsband med vidjehonk – ”åvrell” – til å låse med. Fjoskrakken var to bein - i enden la dei berre innpå florstokken.
Gunhild Lia, Hagen og Torbjørn Espelien var i seinare tid mest budeier for dei på Hogstul og elles fleire andre.
Det vanlege krøterbestandet var 6-7 dyr og småfe, sauer og geiter. Sist dei hadde krøter i fjoset var i 1951 – 52. Då var det Kari, kona åt Ola Hogstul, som var budeie.
På nedveggen var det laga glugg for dei som ”låg etter reven”. Ei løgleg regle fortel at dei eingong drog tre karar åt fjoset for å ligge etter reven. Som det leid på, kom han på åta.
So samrådde dei seg med kvarandre kven skulle løyse skot. Ein av dei vart vel ivrig og tok heller sterkt i: ” Skot du, da John! sa han. Dermed flaug reven.
Oppe på veggen var ein litt over meteren brei fjoshjell. I gamle dagar låg jentene gjerne i fjoset. Når det råka dei venta ”dompara”, drog dei opp stegen etter seg og tok med seg fjoslimen. ( Fortalt av Torstein og Kjetil Hogstul.)
Attmed døra heng det gamle tjøruhornet, med tjøru i og pinne til påstrykning – som i Plasseburet.
(Informasjon etter O.J. Rui/hentet fra tidligere museum aust)
Classification
-
- BygningerOUE 340
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierTUB BYGG 008
- Part of collectionTuddal bygdetun
- Owner of collectionTuddal bygdetun
- InstitutionNorsk Industriarbeidermuseum
- Date publishedOctober 6, 2020
- Date updatedNovember 3, 2020
- DIMU-CODE021058790651
- UUID08888a9b-29ff-426b-a562-4a6675b00c25
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».