Valdresmusea arbeider jamt med museumssamlingane. Her kan du sjå gjenstandar som blei fotograferte og publisert på Digitalt museum i 2023. Valdresmusea publiserer rundt 300 gjensta ...
Valdresmusea arbeider jamt med museumssamlingane. Her kan du sjå gjenstandar som blei fotograferte og publisert på Digitalt museum i 2023. Valdresmusea publiserer rundt 300 gjenstandar på Digitalt museum årleg.
Nær 30 000 unike gjenstandar er blitt samla gjennom meir enn hundre år av dei tre museumsavdelingane Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger. Kvar museumsgjenstand har si eigen unike historie og framtoning. Kvart år publiserer Valdresmusea nye gjenstandar her på nettstaden Digitalt museum. Dette er hovudsakleg gjenstandar frå musea sine magasin, men og nye gjenstandar som er gjevne til musea i løpet av året. Valdresmusea forvaltar samlingane og ynskjer å publisere bilder av alle museumsgjenstandane på nett, saman med informasjonen musea har om gjenstandane. Slik kan alle finne fram i musea sine samlingar. Men kor mykje informasjon musea har om kvar enkelt gjenstand varierer, og arbeidet med handtering, fotografering, og registrering av gjenstandene i museumsdatabasen tek tid. Det vil ta mange år før alle museumsgjenstandane er tilgjengelege på nett. I mellomtida kan du utforske alt det som allereie er tilgjengeleg her på Digitalt museum. Valdresmusea får god hjelp frå dedikerte frivillige som bidreg med registrering og publisering av museumgjenstandar og historiske foto.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».